Bremsar gjenopninga sjekk dei nye tiltaka
BREMSAR OPNING: Helseminister Bent Høie påpeikar at utviklinga krever at gjenopninga av samfunnet blir bremsa.
Nytt

Bremsar gjenopninga - sjekk dei nye tiltaka

– Utbrota dei siste vekene viser kor sårbare vi er, påpeiker helseministeren. 

07.08.2020
Regjeringa innfører skjenkjestopp og trakkar på bremsen for ei rekkje planlagde grep for gjenopning. – Viktig å halde på kontrollen, seier helseministeren.
– Den siste tida har vi sett aukande smitte i samfunnet. For å behalde kontrollen må vi derfor trakke på bremsen for vidare gjenopning og setje inn tiltak på nytt, sa helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen fredag.
Oppbremsinga skjer for å sikre at barnehagar, skular, sjukeheimar og arbeidsplassar kan haldast opne, understrekar han.

Tek ingen sjansar

Regjeringa vil derfor ikkje opne for fleire enn 200 personar på arrangement, og breiddeidretten blir ikkje opna frå 1. september som planlagt. På kinoar og i konferansesalar må det framleis vere éin meters avstand.
– Eg veit at mange i kulturlivet, idrettslivet og næringslivet har venta og håpa på lettar, og at mange kjem til å bli skuffa. Men vi kan ikkje ta sjansen på at smitten aukar på. Derfor kan vi ikkje opne for meir kontakt mellom folk, seier Høie.
I tillegg blir det forbode å servere alkohol etter midnatt i heile landet frå og med laurdag kveld.
Smitten har auka fordi folk ikkje har vore flinke nok til å følgje reglane og råda, seier Høie.
– Smittesporingsarbeidet har vorte vanskelegare og meir tidkrevjande fordi fleire enn tilrådd har vore saman, og fordi fleire møtest på fleire stader. Derfor kan vi ikkje opne for meir kontakt mellom folk no. Vi må bremse for å unngå ein bråstopp der vi må stengje store delar av samfunnet att, slår han fast.

Ikkje munnbindpåbod

Styresmaktene vil førebels ikkje kome med eit påbod om bruk av munnbind i kollektivtrafikken, men innan 14. august kan ein vente seg nye tilrådingar, varslar Høie.
Han understrekar samtidig at munnbind ikkje er noko alternativ til å halde avstand.
– Meteren vernar mykje betre enn munnbind. Men vi må ta innover oss at det er situasjonar der det er vanskeleg å halde på meteren. Då kan munnbind vere eit godt supplement i rushtida, seier han.
Grunnen til at regjeringa ikkje innfører ei tilråding no, er at dette krev kampanjar om rett bruk, og dessutan å sikre tilstrekkeleg tilgang.
Høie oppmodar samtidig alle som har moglegheit, om å gå eller sykle til jobb, og at arbeidsgivarar legg til rette for bruk av heimekontor.

– Unngå reiser

Regjeringa tilrår òg nordmenn å unngå unødvendige reiser til utlandet – òg til grøne land.
– Større reiseaktivitet har medført meir smitte i Noreg. Vi rår no imot alle unødvendige reiser til utlandet. Dette tyder òg at vi heller ikkje opnar for reiser frå land utanfor EU/EØS-området med det første, seier Høie.
Helsedirektoratet arbeider no med å få oppretta senter for koronatesting på utvalde flyplassar, grenseovergangar og hamner.
Samtidig må reisande som kjem frå såkalla raude land, ha på munnbind når dei kjem til Noreg og er på veg heim i karantene, når det er fare for å møte andre.

– Sårbare

Høie understrekar alvoret i smitteutbrota i Noreg den siste tida.
– Låge smittetal fekk oss kanskje til å gløyme alvoret. Utbrota dei siste vekene viser kor sårbare vi er, understrekar helseministeren.
Helsedirektør Bjørn Guldvog meiner koronapandemien kan vere den mest alvorlege helsesituasjonen i levetida vår.
– Den situasjonen vi er i, er kanskje den mest alvorlege helsesituasjonen som vi som lever no, vil stå i i livet vårt, seier han.
I byrjinga av september vil regjeringa på ny vurdere gjenopning og smittesituasjonen i Noreg.
(©NPK)


Publisert: 07.08.2020 18:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00