Brautaset nesten i maal
REDUSERT: Sparebank1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset (t.v) har fekk seld banken sitt eigarskap i hotellet i Ørsta og fått banken ut av eitt større offshorelån i fjor. Her er han saman med Peter Hermanrud i Sparebank1 Markets.
Nytt

Brautaset nesten i mål

Sparebank1 Søre Sunnmøre er ute av nesten alle sine store eigedomsengasjement.

16.02.2018
- Vi skal ikkje drive hotell eller eigedomsforvaltning og heller ikkje vere ein shippingbank. SpareBank 1 Søre Sunnmøre skal vere ein bank for personkundar og for små og mellomstore bedrifter på Søre Sunnmøre, skriv administrerande direktør Stig Brautaset i årsmeldinga for 2017.

Brautaset har nettopp lag bak seg sitt første heile driftsår i banken, og har langt på veg nådd måla som vart sett då han tok til i stillinga, å reduserer eksponeringa i eigedom og i større offshore-engasjement og styrke soliditeten. Den einaste større eigedommen att i banken sitt eige er eit forretningsbygg i Ørsta sentrum, der banken sjølv er ein av leigetakarane.

Emisjon

Banken henta inn 100 millionar kroner i ny eigenkapital i fjor, og fekk før første gang eigarar inn i banken - som inntil emisjonen vore ein heilt sjølveigande sparebank. No eig grunnfondsbeviseigarane 11,5 prosent av banken,

Banken ventar vekst i utlån til både private og bedrifter i år, og ventar ei lønsemd i 2018 på line med 2017.

Publisert: 16.02.2018 13:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18