Brautaset klar for vekst
VEKSTFASE: Etter ein konsolideringsfase er Sparebank 1 Søre Sunnmøre klar for å vekse igjen, også i bedriftsmarknaden, seier administrerande direktør Stig Brautset.
Nytt

Brautaset klar for vekst

I løpet av eit par år skal Sparebank 1 Søre Sunnmøre auke utlåna til næringslivet frå rundt 1,6 til to milliardar kroner.

15.05.2018
På topp utgjorde utlån til næringslivet 20 prosent av utlåna frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre. No er andelen nede i 15 prosent, men planen er å auke på ny.
Banken har gått mellom anna ut av syndikatlån og redusert eigedomsporteføljen, og er no klar for ny vekst, seier administrerande direktør Stig Brautaset.


7-8 prosent auke

Banken skal ikkje berre blir større på lån til næringslivet, men vil også vekse på utlån til privatkundar - som utgjer hovudtyngda av utlånsmassen. Målet er ein veksttakt på 7-8 prosent auke i året, ein større vekst enn Brautaset ventar vil vere gjennomsnittsveksten på utlån til private.
Banken la i dag fram kvartalsrappotne for 1. kvartal 2018, som mellom annan viser at banken tener meir på utlånsverksemd. Rentemarginen, skilnaden på innlån- og utlånsrenta, auka trass stor konkurranse, skriv banken i kvartalsrapporten.

Publisert: 15.05.2018 22:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22