Brattvaag planar lagt paa is
PÅ IS: Dekksmaskinanlegget i Brattvåg, har hatt overkapasitet i fleire år og Knut Hovland i Kongberg Gruppen var i fjor på jakt etter partnarar som kunne dele på anlegget.
Nytt

Brattvåg-planar lagt på is

Kongsberg fann ikkje samarbeidspartnarar til å etablere ein industripark og innovasjonssenter i Brattvåg.

13.02.2020
Då Kongsberg Gruppen overtok eigarskapen av den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce våren 2019 lanserte selskapet ideen om å dele på anlegget sitt i Brattvåg.
Poenget var å dele på utstyr og anlegg for å få opp kapasitetsutnyttinga og også skape ny aktivitet.
– Vi har i fleire år slite med å utnytte kapasiteten her i Brattvåg, sa Knut Hovland i Kongberg Gruppen då ideen blei presentert.

Planen var å skille ut deler av anlegg og utstyr i eit nytt selskap, der Kongsberg Gruppen skulle vere ein av fleire medeigarar. Også nokre av dei rundt 330 tilsette som var tilsett i Kongsberg Maritime i Brattvåg kunne bli flytta over i det nye selskapet.
– Vi har et godt vedlikehalde anlegg, ein moderne maskinpark og kompetente folk her, så eg har tru på at dette kan bli ein god modell for framtida, sa Hovland.

Utsett på ubestemt tid

I løpet av hausten 2019 såg Kongsberg Gruppen at det ikkje fann samarbeidspartnarar som gjorde det råd å sette ideen ut i livet. No er ideen lagt på is, men ikkje gravlagt.
- Vi var i dialog med nokre moglege første partnarar i parken, men kom til at det ville vere krevande å få lønsemd i samarbeidet, skriv kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime i ein epost til NETT NO.

Betre lønsemd

Den førebelse årsreknskapen til Kongberg Gruppen for 2019 blei lagt fram i går. For siste gang er tala for det som tidlegare var marinedivisjonen til Rolls-Royce der presentert for seg.
Tala viser ein klar framgang, der minus er snudd til pluss.

Eit driftsunderskot på 396 millioner kroner i 2018 blei snudd til eit driftsoverskot på 118 millioner kroner i 2019.

Publisert: 13.02.2020 08:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52