Bra kvartal men slit med gjelda
SEISMIKK: Axxis Geo Solutions eig seismikkskipet Neptune Naiad. Skipet ligg her i Torvika i påvente av oppdrag for Equinor i Nordsjøen, eit oppdrag som no har starta.
Nytt

Bra kvartal - men slit med gjelda

Det sunnmørsdominerte seismikkselskapet har fått ny storaksjonær frå Telemark.

27.05.2020
Nodeismikkselskapet Axxis Geo Solutions har vore børsvinnar siste månaden, etter fleire månader med sterkt fallande aksjekurs.
Siste månaden har verdien på selskapet auka med 170 prosent, og heile selskapet vert no prisa til rundt 75 millionar kroner.
Havila Holding og Sævik-familien er framleis klart største aksjonær, og sit på 26,4 prosent av aksjane.
Nest størst er Sølvtrans-gründer Roger Halsebakk som gjennom investeringsselskapet Ronja Capital eig 3,5 prosent av aksjane.

Haugo tredje størst

Ei rekkje andre sunnmørsaksjonærarar har hatt betydeleg aksjepostar i selskapet. Fleire av desse har seld seg ned.
Ein som derimot har kjøpt seg opp er Torbjørn Haugo frå Dalen i Telemark.
Haugo eig no 2,6 prosent av aksjane i Axxis, og er dermed tredje største aksjonær.
Til dagleg er Haugo dagleg leiar i Norsk Saneringsservice, som er eitt av norges største selskap innan sanering og miljøservice.

Høg gjeld

Axxis har store gjeldsproblem, og har ei samla gjeld på 97,5 millionar US dollar.
Selskapet slit med å betale underleverandørar, og i rapporten for andre kvartal vert det opplyst at ein arbeider med å få på pass ei restruktureringsløysing med dei største kreditorane.
Axxis var også i brot med lånevilkåra på eit lån på 1,7 millionar US dollar til Eksportkreditt Norge, eit lån som no er omgjort frå langsiktig til kortsiktig.

Godt kvartal

Trass dei økonomiske utfordringane, hadde selskapet i første kvartal i år sitt beste kvartal hittil.
Inntektene kom opp i 45,1 millionar dollar, og resultatet før skatt enda på 12,5 millionar.
Selskapet hadde sitt eige skip Neptune Naiad i arbeid i Brasil, men dei store inntektene kom frå eit botnseismikkoppdrag på egyptisk side av Suez.
Her hadde Axxis leigd inn skipa Sanco Sword, Pasific Finder, Havila Borg og Havila Aurora.

Equinor-oppdrag

I andre kvartal har selskapet eit nodeseismikkoppdrag for Equinor i Nordsjøen.
I tillegg håper selskapet på meir oppdrag rundt eit joint venture ein har med TGS om eit multiklientprosjekt i Nordsjøen.
Konsernsjef Lee Parker meiner at selskapet er godt posisjonert når seismikkmarknaden på nytt betrar seg, men først må selskapet få ei løysing på dei finansielle utfordringane.

Publisert: 27.05.2020 14:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57