Bra i fellesferien bekymra paa sikt
BEKYMRA: Hotel Union Øye er mellom reisemåla som merkar god pågang frå nordmenn, men reiselivssjef Tom Anker Skrede (innfelt) er bekymra for reiselivet på sikt. 
Nytt

Bra i fellesferien, bekymra på sikt

Reiselivssjefen på Sunnmøre peiker også på store skilnader i kven som får besøk av nordmenn på ferie. 

02.07.2020
(NPK-Margunn Sundfjord): Fleire reiselivsbedrifter på Vestlandet opplever for tida stor pågang av nordmenn som vil feriera i eige land. Pågangen er likevel ikkje stor nok til å hindra at næringa går med tap.
Reiselivssjef Tom Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre meiner det er svært viktig å skilja mellom kva som er statusen for reiselivet i fellesferien i Noreg og kva som er statusen på lengre sikt.
– Den norske fellesferien ser nokolunde bra ut, men det er store geografiske skilnader, seier Skrede.
Han peikar mellom anna på at spesielle hotell som hotell , Juvet landskapshotell eller Grande Fjordhotell i Geiranger, blir først oppbooka. Ifylgje Skrede er det også stort trykk på camping i heile regionen. Vandring i Sunnmørsalpane er også veldig populært.
Les også:

Ber om meir krisehjelp

Men Skrede er sterkt bekymra når ein kjem til august. Han peikar på at det er ein svært uavklart og vanskeleg situasjon både i høve til kva land som får grønt lys for å koma til Noreg og korleis smittesituasjonen då er her i landet.
– Norsk reiseliv treng difor betre rammevilkår og fleire tiltakspakkar som hjelper oss til å koma over til neste sesong, seier han.

Les også:




Ikkje nok til å unngå tap

– I eit normalår er 72 prosent av gjestene våre utanlandske turistar. Det er heilt umogleg for oss å dekkja opp ein så stor del av dei besøkjande med norske tilreisande. Om så alle nordmenn hadde kome til Sogn og ingen andre plassar, hadde me ikkje klart å dekkja opp for tapet, seier administrerande direktør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord til Nynorsk pressekontor.
Han peikar på at Sogn er eitt av dei største reisemåla i landet. Visit Sognefjord, som dekkjer sju kommunar med rundt 250 reiselivsbedrifter, har i eit normalår rundt 1,3 millionar gjestedøgn i året. I tillegg kjem rundt 300.000 til 500.000 dagsreisande, og rundt 250.000 passasjerar frå cruise.
– Så langt i år har me nesten ingen utanlandske gjester, seier Brandshaug.
Ein del reiselivsbedrifter i regionen har siste tida likevel hatt god pågang av ferierande nordmenn. Brandshaug strekar likevel under at fleire nordmenn på ferie i eige land ikkje er nok til å unngå at næringa i regionen går med tap.
– Sjølv om me har lagt inn dobbelt så mange nordmenn i berekningane våre, har me framleis ein omsetnadsnedgang på 70–80 prosent.

Positivt i juli

Også i Hardanger merkar reiselivet at dei utanlandske turistane er borte.
– Normalt kjem 60–70 prosent av gjestene i Hardanger frå utlandet. Desse er ikkje til stades i år, seier reiselivsdirektør Andreas Skogseth i Visit Hardangerfjord.
Samtidig merkar også reiselivet i Hardanger ein auka pågang av nordmenn.
– Det ser positivt ut for juli. Mange melder om bra pågang og bra belegg, seier Skogseth.
Han fortel at det generelt er stor interesse for Hardanger blant nordmenn. I tillegg til å oppleva fjordar og fjell, er lokal matkultur og siderturisme tilbod som slår godt an.

Les også:




Opnar for europareisande

:

«Uår» uansett

Sjølv om både hotell, hytter og campingplassar for tida har bra med besøk, strekar Skogseth under at det framleis er god plass.
– Det er ikkje fullt enno, så folk må berre koma til Hardanger, seier han.
Vanlegvis har reiselivsnæringa i Hardanger ifylgje Skogseth rundt 750.000 gjestedøgn og ein omsetnad på 1,5 milliardar kroner i året. Sjølv om mange nordmenn i år tek turen til regionen, er Skogseth klar på at det blir ein kort sesong og at tapet av dei utanlandske gjestene vil merkast godt.
– Det blir nok eit uår for næringa, samanlikna med kva det vanlegvis hadde blitt, seier han.

Sommar-optimisme i Ryfylke

Også for reiselivet i Ryfylke er det eit spesielt år, men stemninga er likevel god.
– I Ryfylke er optimismen er tilbake igjen. Me ser at det vil vera dei små destinasjonane som er vinnarane i denne situasjonen. Men alle merkar at det er ein heilt spesiell sommar utan dei tyske gjestene våre, seier reiselivssjef Liv Jorunn Tjelmeland i Reisemål Ryfylke.
Også ho er klar på at ferierande nordmenn ikkje greier å ta igjen det tapte i høgsesongen.
– Men me ser at det er fleire nordmenn enn me først hadde frykta, legg ho til. Også danske turistar har byrja å koma til Ryfylke.
Kan ha verdi på lengre siktI tillegg til Preikestolen og Lysefjorden, er mange ifylgje Tjelmeland på jakt etter reisemål og overnattingar med noko ekstra. Både nisjehotellet Energihotellet på Nesflaten i Suldal og overnattingsstader med hyttene til Turistforeininga i området er populære. Det same er reiselivsbedrifter som kan tilby kajakk, vandreturar og aktivitetar for barn.
Tjelmeland trur fleire nordmenn på ferie i eige land også har ein verdi på lengre sikt.
– Eg trur me får utruleg mange stolte ambassadørar lokalt og nasjonalt ut av denne krisa, seier ho.
Til saman hadde reiselivsnæringa i Ryfylke i fjor rundt 300.000 kommersielle gjestedøgn. Av desse var 60 prosent norske gjester og 40 prosent utanlandske.
(©NPK)

Les også:




Det er heilt umogleg for oss å dekkja opp ein så stor del av dei besøkjande med norske tilreisande

Publisert: 02.07.2020 20:25

Sist oppdatert: 26.05.2021 06:41