- Dette er svært viktige kontraktar for oss slik tidene er no, seier adm. dir. Bjørn Idar Remøy i Bourbon Offshore.
Kontraktane er med ConocoPhilips, og har varigheit på minimum seks månader.
- Dette var avtalar vi sikra oss mykje takka vere Bourbon sitt hovedkontor i Marseille, seier Remøy.
Kontraktane gjeld for dei tre PSV-ane Bourbon Front, Bourbon Topaz og Bourbon Clear.
Både Front og Topaz har operert i ein svært pressa spotmarknad i Nordsjøen, medan Clear har operert utanfor kysten av vest-Afrika.
- Her er ikkje alle detaljane på plass, men det ser lovande ut.
Senegal-kontraktane kan føre til at båtane vert flagga om frå dagens NOR-flagg.
- Dette er noko vi no vurderer. Vi må ta alle dei grep vi kan for å klare oss i dagens marknad, seier Remøy.
- Men det er kontraktar vi tener pengar på.
- Så lenge vi tener meir enn driftskostnadene, får vi vere fornøgde slik tidene er.
- I stor grad er det snakk om å overleve.
Selskapet har no ein båt i opplag. Det er Bourbon Rainbow, som ligg i opplag på Eidså i Vanylven.
Kontraktane er med ConocoPhilips, og har varigheit på minimum seks månader.
- Dette var avtalar vi sikra oss mykje takka vere Bourbon sitt hovedkontor i Marseille, seier Remøy.
Kontraktane gjeld for dei tre PSV-ane Bourbon Front, Bourbon Topaz og Bourbon Clear.
Både Front og Topaz har operert i ein svært pressa spotmarknad i Nordsjøen, medan Clear har operert utanfor kysten av vest-Afrika.
Vurderer flaggbyte
Remøy seier at mykje tyder på at ytterlegare to av selskapet sine PSV-ar vil forlate spotmarknaden i Nordsjøen.- Her er ikkje alle detaljane på plass, men det ser lovande ut.
Senegal-kontraktane kan føre til at båtane vert flagga om frå dagens NOR-flagg.
- Dette er noko vi no vurderer. Vi må ta alle dei grep vi kan for å klare oss i dagens marknad, seier Remøy.
- Ikkje lukrative
Han seier at kontraktane utanfor kysten av Senegal ikkje er lukrative.- Men det er kontraktar vi tener pengar på.
- Så lenge vi tener meir enn driftskostnadene, får vi vere fornøgde slik tidene er.
- I stor grad er det snakk om å overleve.
Selskapet har no ein båt i opplag. Det er Bourbon Rainbow, som ligg i opplag på Eidså i Vanylven.
Vi må ta alle dei grep vi kan for å klare oss i dagens marknad
Publisert: 29.09.2015 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47