Botnerekord for Saferoad
INGEN BØRSJUBEL: Saferoad slit med å gjere aksjonærane fornøgde. Etter børsnotering i slutten av mai (biletet) har kursen falle over 10 prosent.
Nytt

Botnerekord for Saferoad

Børskursen i Saferoad-konsernet fall til ny botnrekord etter resultatframlegging.

09.11.2017
Praktisk talt stillstand i driftsinntektene og nedgang i lønsemda for Saferoad-konsernet vart ikkje tatt godt i mot då aksjehandelen opna på Oslo Børs i dag. Klokka 10:35 var kursen 26,90 kroner pr. aksje, ein nedgang på over 7,2 prosent frå då børsen stengte i går. Den kursen verdset selskapet til 1,8 milliardar kroner.
Klokka 09:58 var kursen nede i 26,50 kroner pr., aksje.
Ved børsnotering i slutten av mai var kursen 30 kroner. Førre botnrekord for aksjekursen var 12. juni, med 27 kroner pr. aksje.

Sto stille

Saferoad lagar veg- og tunellsikringutstyr, som autovernskinner, lysmaster og fjellsikringsboltar. Konsernet lagar stål produkt til brukonstruksjonar, kulvertar og andre produkt til vegbygging. Verksemda er delt i to område, "Road Saftey" og "Road Infrastructure".
Konsernet har eit mål om ein årleg vekst i driftsinntektene på fem prosent og ein EBITDA-margin på 10 prosent. EBITDA-marginen er driftsresultatet før av- og nedskrivingar i prosent av driftsinntektene. Den underliggande EBITDA-marginen, der verksemder som er seld eller lagt ned ikkje er rekna med, fall samanlikna med same periode i fjor til 11,2 prosent i tredje kvartal. Så langt i år er den på 6,8 prosent, mot 7,7 prosent etter dei ni første månadane i fjor.
Fall i marknaden for vegsikringsutstyr i Sverige, og eit svakt kvartal i den nordiske marknaden for veginfrastuktur-utstyr er grunnen til manglande vekst i tredje kvartal, i følgje kvartalsrapporten.

Pluss i Vik Ørsta

Saferoad Holding spring ut av tidlegare Ørsta Stålindustri, og er etter fleire eigarskifte og ei rekke oppkjøp blitt eit konsern med verksemder over heile Europa, og hovudkontor i Oslo.
Ørsta Stålindustri er underveg blitt til Vik Ørsta etter ei samanslåing med Vik Verk i Sogn, og er framleis den største verksemda i konsernet.
Medan konsernet i fleire år har slite med å få opp lønsemda har Vik Ørsta hatt gode resultat heile vegen.

Publisert: 09.11.2017 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15