Bolia til Moa
MØBELKONKURRANSE: Senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe i Amfi Moa har fått inn to konkurrentar til dei etablerte møbelhandlarane på Nordvestlandet. 
Nytt

Bolia til Moa

Møbel- og interiørkjeda opnar butikk i nybygget til Amfi Moa.

24.05.2018
Bolia.com er ei internasjonal møbel- og interiørkjede som heilt frå starten har kombinert netthandel og fysiske butikkar.
Når Amfi Moa opnar nybygget til julehandelen i år er Bolia på plass. Det er også kjeda Home & Cottage, som også sel møblar og interiørartiklar.
Senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe ved Amfi Moa seie ho reknar med at desse butikkane vil trekkje til seg kundar som i dag handlar i eksisterande butikkar på Nordvestlandet, eller på nettet.

Dei to nederste etasjane i nybygget er sett av til butikkar og per i dag er det berre eitt lokale som ikkje er utleigd. Det står ledig for å ha noko å spele på i samband med eventuelle flyttingar av eksisterande butikkar.

Publisert: 24.05.2018 11:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22