Blockchain teknologien vil endre bedriftene
FOSNAVÅG: Professor Arne Krokan meiner at norske bedrifter må auke tempoet rundt digitalisering for ikkje å kome på etterskot internasjonalt.
Nytt

- Blockchain-teknologien vil endre bedriftene

NTNU skal no forske på dei strategiske konsekvensane av blockchain-teknologi. Professor Arne Krokan ser for seg store endringar i bedriftsorganisering.

21.06.2018
- Ved å bruke blokk-kjeder kan vi dag følgje varer frå ei kaffibønne vert plukka til den endar på ditt bord.
- Slik vert det med mange produkt. Blokk-kjeder vil endre organisasjonane og korleis vi arbeider på, sa Krokan under Fosnavågkonferansen torsdag.

- Siv inn over alt

Krokan er professor i digital økonomi og digital marknadsføring ved Høgskolen Kristiania, og professor i sosiologi ved NTNU.
Under Fosnavågkonferansen snakka han om endringane som kjem som resultat av digitaliseringa i samfunnet.
Han slo fast at plattformorganiseringa ville få store konsekvensar.
- Det siv inn på alle sektorar, og vil også vise att i måten bedriftene i den maritime klynga samhandlar og organiserer seg på.
Han meinte at det ville verte mange fleire selskap som Airbnb og Uber.

Reduserte kostnader

I tillegg såg han for seg ein kraftig vekst innan blockchain-løysingar (blokkjede).
- Maersk gjorde ei undersøking av at det tok 34 dagar og det var 30 partar involverte i å sende ein kontainer frå Kina til Danmark. I dag vert dette fiksa kjapt og enkelt gjennom blokkjede-teknologi.
Han sa at den nye teknologien ville redusere transaksjonskostnadene vesentleg.
- Tidlegare brukte vi anten fysiske møter, papir eller telefon for å gjere ein avtale. I dag brukar vi rett og slett både billegare og smartare måtar å handtere kompleksitet på enn den ved hierarkiske modellen.

Store endringar

Han såg for seg ei framtid der folk fekk nye tenner via 3D-printing, og der ein ikkje trengte å kunne eit språk for å forstå det.
- I Kina skjer alt 27 prosent av handelen på nett, og ansiktsgjenkjenning vert brukt som passord.
- I tillegg kan etatar overvake enkeltpersonar gjennom den nye teknologien. Det er minuset.
Krokan meinte at Norge ikkje var så langt framme i utviklinga som mange likte å tru.
- I dag sit det framleis mange menneske og gjer ‘idiotarbeid’, slik som å fylle ut skjema manuelt, sa Krokan.

Positiv kultur

Derimot meinte han at ei av utfordringane var å overføre dei positive sidene ved norsk kultur over til dei nye digitale prosessane.
- Vi må ta vare på det vi er gode på. Men samstundes treng vi eit mykje større trykk på digitaliseringsutviklinga i Norge, sa Kroken.
Han opplyste at det no skal forskast ved NTNU på dei strategiske konsekvensane av digitalisering.
- Vi startar eit stort blokkjede-prosjekt og lyser ut seks stipendiatstillingar.

Publisert: 21.06.2018 14:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23