Blir ny dagleg leiar i Fjord Tours
REISELIV: Kristian Jørgensen overtar etter Steinar Aase i Fjord Tours.
Nytt

Blir ny dagleg leiar i Fjord Tours

Kristian Jørgensen overtar som toppsjef i reiselivsselskapet Fjord Tours. Steinar Aase sluttar etter 19 år.

25.03.2020
Styret i Fjord Tours AS har inngått ein avtale med Steinar Aase der han fråtrer som dageg leiar i Fjord Tours med virkning frå 1. april i år.
Det opplyser selskapet i ei pressemelding onsdag.
- Fjord Tours-organisasjonen går nå inn i ei ny fase der selskapets overordna strategi skal leggast på nytt med fokus på nye destinasjonar og nye marknader.
- Med bakgrunn i desse diskusjonane ser begge partane at dette er eit naturleg tidspunkt å gjere leiarendringar på i selskapet, seier styreleiar Dagfinn Neteland i Fjord Tours, i pressemeldinga.

Opplevingsturar i fjordane

Steinar Aase har leia selskapet frå 2001. Det blir vist til at Fjord Tours har i dei 19 åra under Steinar Aase utvikla seg til å bli det leiande selskapet i Norge innan opplevelingsturar i Fjord Norge.
Selskapet viser til at «Norge i et nøtteskall» er den mest kjente pakken som selskapet tilbyr både til den nasjonale og internasjonale marknaden.
Det blir også vist til at i dei siste åra har selskapet også opna nye salskanalar gjennom digitalisering.
Styret vedtok på styremøte tysdag å tilsetje Kristian Jørgensen som ny dagleg leiar i Fjord Tours AS med virkning frå 1. april i år.
Jørgensen er tidlegare reiselivsdirektør for Vestlandet, og har 25 år med internasjonal reiselivserfaring.

Publisert: 25.03.2020 12:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54