Blaatind satsar paa heilaarsdrift
STORDAL: Blåtind ligg 200 meter frå vegen øverst i Røysetdalen i Stordal. Då dei heldt sommarope i fjor for å teste interessen blant turistar, hadde dei fulle hus frå juli.  
Nytt

Blåtind satsar på heilårsdrift

Turistar frå heile verda fann vegen til Blåtind i Stordal i fjor sommar då overnattingstaden prøvde sommardrift. No tek neste generasjon over og satsar på heilårsdrift. 

Kristin Vidhammer
09.01.2018
-Flyttebilen går fredag frå Oslo til Stordal, seier Ole Stavdal Vikenes.
Han er 2. generasjon i familiebedrifta og saman med sambuaren Christine Olsvik vil han no ta over den daglege drifta.
Tradisjonelt har Blåtind satsa på kurs, konferanser og selskap, men prøveprosjektet med sommaropen drift i fjor sommar var så vellukka at no vil dei satse på turistar i tillegg.

Vellukka internettmarknadsføring

- Frå juli av var det fullt belegg og det var turistar frå heile verda som fann vegen til Blåtind. Vi har satsa på internettmarknadsføring, og det fortel noko om gjennomslagskrafta slik marknadsføring har, seier Vikenes.
Turistar frå Kina, Sør-Korea, Dubai, Kuwait, Saudi-Arabia, Europa og USA mellom anna vitja Blåtind. Blåtind ligg øverst i Røysetdalen i Stordal, ligg 200 meter frå vegen og er knapt nok skilta.
Blåtind har overnatting til 60 personar, fordelt på 4 suiter, 2 juniorsuiter, 8 delux-rom og p.t. seks leilegheiter. Dei har også eigen restaurant til 40 personar i Vikinghuset, som er bygd som ei gammal vikingløe.

Gode tilbakemeldingar og heile familien i sving

- Vi har fine og moderne fasilitetar og er opptatt av å yte service. Mange turistar vart overraska etter å ha køyrt ein grusveg fram for deretter å kome inn og sjå fasilitetene våre. Vi fekk veldig gode tilbakemeldingar og rating på bookingsider.
I fjor var dermed heile familien i sving, i tillegg til ein fast tilsett.
- Mor og svigermor var stuepiker og far køyrde til og frå renseriet med sengklede. I tillegg jobbar bror min der, så vi er ei skikkeleg familiebedrift.

Bøkene fylles opp framover

Dei byrjar allereie å få fulle bøker når det gjeld kurs og konferansar i februar og mars, og bestillingar på bryllup til våren byrjar også å kome inn.

- Men vi har turistar også no vinterstid. Det er utruleg kven som finn vegen hit, blant anna kjem det ein kinesar hit åleine fordi han vil på trugetur og besøke norske hotell. Då skal han ta taxi frå hotell til hotell. Eg anbefalte han leigebil, men det ville han ikkje. Men eg lova å hente han på ferjekaia i Liabygda.
Vi har satsa på internettmarknadsføring, og det fortel noko om gjennomslagskrafta slik marknadsføring har

Publisert: 09.01.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17