Blaaskjelmysterium for forskarane
MYSTERIUM: Blåskjela forsvinn og endrar seg, og forskarane veit ikkje kvifor.
Nytt

Blåskjelmysterium for forskarane

Havforskingsinstituttet har dei siste åra fått mange spørsmål om blåskjel som forsvinn eller døyr. For forskarane er det eit mysterium.

09.08.2018
NPK-NTB-Torgeir Knutsen: Dei forsvinn, dei endrar gytinga, dei flyttar på seg, og utbreiinga har endra seg. Det skjer mystiske ting med blåskjela som forskarane ikkje finn svar på.
– Vi sit faktisk og ser på eit fenomen i naturen som vi ikkje heilt klarer å forklare. Det er eit mysterium, der det blir rapportert frå mange stader om at blåskjela forsvinn, og at dei endrar åtferd, utan at vi finn ein felles forklarande faktor, seier seniorforskar Stein Mortensen ved Havforskingsinstituttet til NTB.
Ifølgje Mortensen har trykket av førespurnader vore der sidan 2011.
– Dei fleste førespurnadene kjem frå folk som bruker å hauste blåskjel til eige bruk, men òg blåskjeldyrkarar har tatt kontakt med oss, seier forskaren.

Vintermysterium

Vintrane 2009–2010 og 2010–2011 var kalde, og sjøisen tok livet av mange skjel. Mortensen var da sikker på at skjela kom til å komme raskt tilbake.
– Eg hugsar dette svært godt. Store delar av kysten var islagd, og blåskjela døydde da det var så kaldt, men vanlegvis skal dei komme tilbake. Mange stader skjedde det likevel ikkje, seier Mortensen.

Internasjonalt problem

I Frankrike, Nederland og Skottland har det vore tradisjon for å dyrke blåskjel, og også der blir det meldt om unormalt høg døying dei siste åra.
I Frankrike trur forskarane at døyinga kan komme av sjukdom. Men i Nederland og Skottland har dei ikkje funne nokon klar grunn til kvifor blåskjela døyr.
– Dette er ein langvarig trend, noko vi ser i rapportar frå utlandet òg. Det som er merkeleg, er når dei døyr heilt plutseleg. I tillegg får vi rapportar om at døden plutseleg skjer fleire stader, noko som gjer dette ekstra underleg, seier Mortensen.

Ukjent årsak

Mortensen forklarer at dei så langt ikkje har klart å finne ei årsak. I eit notat frå instituttet legg forskrane fram fleire teoriar for endringa.
Mellom anna blir det peika på miljøendringar som ei mogleg forklaring. Det er likevel ikkje noko vitskapeleg arbeid som beviser dette. Vidare blir sjukdommar lanserte som ein teori på den akutte døyinga, men utan at det kan forklare den langvarige trenden.
– Om det forverrar seg, blir det først og fremst eit problem for dei som dyrkar blåskjel. Men det er viktig å hugse at blåskjel er ein nøkkelart i økosystemet, noko som gjer at vi må vere obs på dette problemet, seier Mortensen.

Publisert: 09.08.2018 07:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25