Bikka saa vidt i pluss
RESULTAT: Stryn Hotel har 69 rom. Hotelldrifta bikka så vidt i pluss i fjor.
Nytt

Bikka så vidt i pluss

Stryn Hotel hadde i fjor eit årsresultat på 18.000 kroner.

14.03.2019
Det går fram av årsrapporten for selskapet.
Omsetninga landa på 12,5 millionar kroner, ned frå 13,1 millionar kroner året før.
Resultatet før skatt vart på 1.511 kroner, mot vel 1,4 millionar kroner i 2017.

15 årsverk

Stryn Hotel er eigd av Vest Hotel Holding, der Leif Flemming Bakke og Ole Kristian Nedberge eig 50 prosent kvar.
Selskapet hadde ved årsskiftet ei langsiktig gjeld på 6,7 millionar kroner.
Totalt er det 15 årsverk knytt til hotellet, som har 69 rom.
Hotellet har også fest- og bankettsalen Strynehallen med plass til 110, restaurant Gloppen med plass til 120, samt møterom og salong.

Publisert: 14.03.2019 08:57

Sist oppdatert: 09.06.2021 08:08