Bikka igjen over milliarden paa klippfisk
GODT ÅR: 2019 blei eit godt år for selskapa som Anders Pedersen eig saman med kona og borna. 
Nytt

Bikka igjen over milliarden på klippfisk

Selskapa til Pedersen-familien var tilbake på plussida i fjor, men det var andre ting enn fisk som ga best inntening.

Marius Rosbach
05.08.2020
Konsernet til Anders Pedersen og familien hadde eit godt år i fjor, viser rekneskapen som no er tilgjengeleg via Brønnøysundregistera.
Fjordlaks-konsernet som består av produksjonsselskapet i Ålesund, saman med Tufjordbruket og Karlsøybruket i Troms og Finnmark fylke, hadde igjen eit resultat på plussida, etter nokre magre år.
Underkonsernet fekk samla eit resultat før skatt på 38,7 millionar kroner (sjå tabell til høgre - under om du les på mobil). Det var som venta etter at både 2018 og 2017 enda med minusresultat.

Positivt trass korona

Aktivitetsnivået i Fjordlaks var noko lågare i 2019, men salsinntektene frå klippfisk bikka igjen over éin milliard.
– Det har vore høge råstoffprisar på delar av selskapet sin produksjon, og dette har pressa resultatmarginane, skriv selskapet i .
Etter nokre år med ein utfordrande situasjon i marknaden, er det no ein meir normal og føreseieleg aktivitet. Trass i at koronapandemien gir noko usikkerheit for framtida, meiner leiinga av utsiktene for klippfiskmarknaden er positive.

Les også:


2017-resultatet:


Pluss i nord

Aktiviteten var også lågare enn venta både ved Tufjordbruket, som produserer saltfisk og Karlsøybruket, som lagar saltfisk- og klippfisk.
Begge selskapa leverer likevel positive resultat. Konsernet ventar ytterlegare positive verknader framover grunna betre samdrift mellom verksemdene i Ålesund og i nord.
Styrer peiker likevel på at det er utfordringar med tilgang på råstoff, men at dei har sikra seg ekstra tilgang på fersk fisk frå andre områder.

Solid pluss på eigedom og investeringar

Morselskapet Cape Invest, som driv med eigedom og investeringar, har sitt beste resultat sidan salet av dotterselskapet Fjordlaks Aqua (no Hofseth Aqua) i 2016.
Resultat før skatt enda på 141 millionar kroner, og mykje av årsaka er god utvikling og inntening på investeringsprosjekt. Finansinntektene forbetra rekneskapen med meir enn 120 millionar.
Leiinga skriv i at eigedomsdrifta har gitt eit forventa positivt resultat, men at det framleis er noko ledig kapasitet på eigedomane.
Eigenkapitalen ved årsskiftet for heile konsernet var på knappe 1,3 milliardar. Leiinga påpeiker at verksemda er eksponert for negativ utvikling på valutakontraktar, men at det blir jobba med å avslutte fleire av desse kontraktane.

Les også:



Publisert: 05.08.2020 12:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00