Betyr mykje for heile reiselivet
GLAD: Hotelldirektør Benthe Langeland ved Storfjord Hotel har hatt mange tilsette permitterte i vår og sommar. Frå denne helga er dei aller fleste tilbake for å ta seg av norske gjestar.  
Nytt

– Betyr mykje for heile reiselivet

Reisande frå Europa får komme til Noreg frå 15. juli. Storfjord Hotel-direktøren trur siste delen av sesongen kan være berga.

26.06.2020
NPK-NTB-NETT.NO: Frå same tidspunkt blir kravet fjerna om innreisekarantene for land og regionar med ein tilfredsstillande smittesituasjon, skriv regjeringa i ei torsdag ettermiddag.
Folkehelseinstituttet har fått i oppdrag å lage en oversikt over kva land og område som har ein god nok smittesituasjon. Denne vert oppdatert kvar 14. dag (sjå lenke under).

Storfjord-direktør: – Veldig positivt

Det betyr at reiselivet frå det tidspunktet, også kan vente seg utanlandske gjestar. Nøyaktig kva land det vil gjelde, vil først vere klart 10. juli. Men per no er det størstedelen av den europeiske marknaden, men ikkje Sverige og Portugal.
– Dette er veldig positivt. Det betyr mykje for heile reiselivet, og spesielt for oss som har spesialisert oss på den utanlandske marknaden, seier hotelldirektør Benthe Langeland ved Storfjord Hotel til NETT NO.
Ho fortel at dei har mange bookingar inne frå utanlandske gjestar, som no berre ventar på ei stadfesting om at dei kan få kome frå midten av juli.
– Samtidig har vi hatt ein liten opptur i den norske marknaden, som har vore hyggeleg, legg ho til.
Sjølv om sesongen til no, naturleg nok har vore svært svak, trur Langeland no at siste delen av sesongen kan vere berga.
– Det vil sjå mykje betre ut for oss frå slutten av juli. Europearane reiser også mykje utover i august og september, påpeiker hotelldirektøren.

Ikkje innreisekarantene

Utanriksdepartementet vil heller ikkje lenger rå mot reiser til land og regionar som ikkje blir omfatta av krav om innreisekarantene.
– Det er land i verda som akkurat no har ein dramatisk smittesituasjon, og mange stader er det ustabilt. Med låg smitte innanlands, utgjer smitteimport frå utlandet kanskje den største risikoen for oppblussing av viruset her heime, seier statsminister Erna Solberg.
Kriteria for å fjerne reiserestriksjonane omfattar mellom anna smitte i forhold til folketal og kor stor del som testar positivt.
– Vi ser framleis korleis nye smitteutbrot, ofte lokalt og uføreseieleg, oppstår i ulike delar av Europa og verda. Samtidig kan vi ikkje halde stengt for alltid. Vi må finne balansen som gir oss størst mogleg tryggleik og minst mogleg smitterisiko, seier ho.
(ekstern lenke)
Det betyr mykje for heile reiselivet, og spesielt for oss som har spesialisert oss på den norske marknaden

Publisert: 26.06.2020 16:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59