Betring paa drifta taper paa svak krone
OPPLAG: Havila Shipping har tre skip i opplag, inkludert Havila Borg.
Nytt

Betring på drifta - taper på svak krone

Ei svak norsk krone har ført til valutatap på 160 millionar kroner for Havila Shipping.

28.05.2020
Herøy-selskapet opererer ein flåte på 23 skip, som samla segla inn 208 millionar kroner i første kvartal, opp frå 148 millionar kroner i første kvartal i fjor.
Men avskrivingar på 86 millionar og tap på finanspostar på 215 millionar fører til at resultat før skatt vart på minus 231 millionar kroner.
160 millionar av tapet på finanspostar skriv seg frå urealisert valutatap.
Det går fram av

Valutatap

Selskapet er ramma av både svak oljepris og redusert aktivitet på grunn av covid-19-viruset, men i kvartalet er det svekkinga av norske kroner som har hatt størst negativ effekt på grunn av eit urealisert valutatap knytta opp mot langsiktig finansiering.
Havila Shipping har totalt 4,4 milliardar kroner i renteberande gjeld, der 20,9 prosent av gjelda er i dollar, medan resten er i norske kroner.
På den positive sida kjem at rentenivået har falle betydeleg, og at dette vil gi betydeleg lavare rentekostnader etter at restruktureringa av gjelda er gjennomført.

Sikra seg til 2025

Havila Shipping har anstrengt økonomi, men har sikra seg til utgangen av 2024 gjennom ein ny restrukteringsavtale med långivarane.
Partane har godkjend prinsippa i avtalen, som også er godkjende av obligasjonseigarane og generalforsamlinga, og det er planen at avtalen skal setjast i verk frå andre kvartal.
Eitt sentralt punkt er at selskapet skal ha 175 millionar kroner i likvide midlar gjennom heile avtaleperioden.
Avtalen er elles knytt til innteninga til kvart enkelt skip.

Utsett Sævik-innbetaling

Hovedeigar Havila Holding skal ifølgje avtalen gå inn med 100 millionar kroner i friske midlar gjennom eit konvertibelt obligasjonslån.
Etter avtalen skulle lånet betalast innan 31. mai, men no har selskapet kalla inn til ekstraordinær generalforsamling 6. juni, der ein foreslår at innbetalinga vert utsett til 30. juni.
Bakgrunnen er at selskapet har behov for meir tid til å gjennomføre vedtatte avtaler om restrukturering av selskapsgjelda.
Havila Holding eig 51,0 prosent av selskapet. På dei neste plassane kjem bankane Sparebank 1 SMN med 6,1 prosent og DNB Bank med 2,2 prosent.
Også Sparebank 1 Søre Sunnmøre er inne på eigarsida med 1,1 prosent.
Selskapet har 463 tilsette på skipa, i tillegg til 35 i administrasjonen.

Publisert: 28.05.2020 15:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57