Betring men framleis svake trafikktal
INGEN KUTTPLANAR: Flyselskapet Widerøe seier dei ikkje har planar om rutekutt, men at lønnsemda på kortbanerutene er utfordrande. 
Nytt

Betring - men framleis svake trafikktal

Flyplass-sjefen på Hovden viser til at utviklinga speglar ståa i næringslivet og fryktar ikkje færre ruter.

Marius Rosbach
10.10.2019
Trafikktala for september viser at pilene peika litt opp for Ørsta Volda lufthamn på Hovden med ei auke i passasjertalet på 1,6 prosent.
Så langt i år har det likevel vore ein betydeleg nedgang i passasjertalet med 4,8 prosent, viser ferske tal frå .

Reknar med minustal

Flyplassjef Terje Nergård på Hovden seier det er lov å håpe at den positive utviklinga i september held fram, men reknar med å sjå ein nedgang i passasjertalet ved slutten av året.
Ved utgangen av september hadde 79.043 passasjerar reist over Hovden i år.
i lokalavisa Møre-Nytt, og oppmoda om at fleire måtte nytte tilbodet for å sikre rutene.

Gjenspegler ståa i næringslivet

Nergård meiner likevel ikkje er det grunn til å frykte eit dårlegare tilbod med det første.
– Nei, ikkje frå vår ståstad, seier han til NETT NO.
Han seier det er naturleg at trafikken ved flyplassen får ein nedgang og viser til utviklinga i næringslivet på søre Sunnmøre.
– Vår trafikk gjenspegler gjerne det bilde, seier han.

Ingen planar om rutekutt

Samtidig viser flyplassjefen til at det i stor grad er Widerøe sitt bord å gjere vurderingar kring rutetilbod. Silje Brandvoll, som er direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Widerøe, kan fortelje at dei ikkje har nokon nærståande planar om å gjere endringar på Hovden.
Ho påpeiker samtidig at dei ikkje kan sjå vekk frå at det kan kome justeringar på eit seinare tidspunkt.
– Det er krevjande å få til lønnsemd på kommersielle kortbaneruter over heile Norge med dei rammene vi har. Vi jobbar difor kontinuerleg med tiltak som kan forbetre lønnsemda, derunder også rutestruktur, seier ho til NETT NO.

Åtvara mot momsauke

Nyleg både mellom Ørsta og Oslo, Ålesund og Bergen og Ålesund og Trondheim – om det blir auka moms på flyreiser.
Eit utval har foreslått til Finansdepartementet ein felles moms på 23 eller 25 prosent på persontransport. Det kan bety ei solid auke frå dagens sats på 12 prosent, men ingenting er avgjort i den saka enno.

Les også:


Auke på Vigra og Sandane i år

Trafikken over Vigra i september gjekk marginalt ned med 0,1 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Til saman 860.324 passasjerar har reist over Vigra årets ni første månader. Det er ei auke i trafikken på 1,6 prosent ved flyplassen så langt i år.
Sandane lufthamn hadde ei lita auke på 0,3 prosent i passasjertalet i september. Flyplassen har hatt ein nedgang trafikken på to prosent for året så langt.
Ved Årø-flyplassen i Molde auka det totale passasjertalet med 4,5 prosent i september, men trafikken har gått ned med 3,6 prosent så langt i år.

Publisert: 10.10.2019 11:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41