Betre samhandling dobla omsetnaden for bustadbyggar
HAR SETT SPOR: Einar Holsvik og dei andre i Norhus-kjeden har bygd mange bustader på Nordvestlandet, mellom anna på Øvre Mo i Ørsta som vi ser på bilde bak. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Betre samhandling dobla omsetnaden for bustadbyggar

Inntektene til Norhus i Ørsta steig med rekordfart etter at dei organiserte arbeidet på ein ny måte.  

Marius Rosbach
11.04.2019
Einar Holsvik som leiar Norhus sine selskap på Vestlandet, fortalde under Næringskonferansen Søre Sunnmøre, kva som ligg bak veksten til bustadbyggjaren dei siste åra.
– Vi såg at trendane gjekk nedover og at marginane vart dårlegare. Og uansett kva vi gjorde, klarte vi ikkje løfte omsetnaden, fortel Holsvik til NETT NO.
Meir frå næringskonferansen:

Fekk leverandørane til å sjå heilskapen

– Vi begynte å undersøke kva vi eigentleg gjorde ute i produksjonsleddet. Vi såg at entreprenørane var veldig fokuserte på sin eigen produksjon og i liten grad såg heile prosjektet. Då klarte vi ikkje helde den jamne flyten som vi var avhengige av for å få opp produktiviteten, forklarar han.
Løysinga vart å trekke alle inn dei ulike ledda i produksjonen, for å sjå korleis dei kunne arbeide smartare.
– Det gjekk på samhandling. Om ein entreprenør berre jobbar for seg sjølv og ikkje slepp til andre før dei er ferdige med sin jobb, vert det mindre effektivt. Til dømes fekk vi inn betongfolk tidlegare, medan entreprenøren kunne gå vidare til neste steg, forklarer han.

Kutta produksjonstida kraftig

Slik vart også de ulike leverandørane meir avhengige av kvarandre.
– Vi tok alle entreprenørane inn på ei linje, slik at vi fekk ein produksjonsplan der alle visste på måndag kva som var målet for veka. Då fekk vi ein heilt unik flyt i prosjekta. I løpet av den perioden gjekk produksjonstida på ein standard bustad ned frå 14 til ni månader, fortel han.
Grepet gjorde at omsetnaden i Norhus Ørsta-selskapet steig frå kring 80 millionar i 2014, til nær 180 millionar i 2017. Det heile er styrt frå Hovdebygda i Ørsta, men Norhus er samstundes ei kjedebedrift med 12 ulike forhandlarar og avdelingskontor.
I fjor stansa veksten opp, ikkje minst fordi bustadmarknaden generelt falt litt saman mot slutten av året.
Les meir:

Herøyværingane mest vågale

Norhus-selskapa bygger flest hus i Ålesund, Ørsta, Volda og Herøy. Men dei har også prosjekt i Ulsteinvik, Sandane og Stryn.
– For nokre år sidan begynte vi å våge meir og tok steget ut i ein marknad med meir funkishus og moderne arkitektur. Det ville marknaden ha, seier Holsvik.
Han opplever at herøyværingane er meir vågale i val av type bustad, enn folk i indre strøk.
– Designsmaken har utvikla seg meir der ute, enn inne i fjordane. Der vil dei gjerne ha meir av det klassiske og trygge.
Les meir:

I løpet av den perioden gjekk produksjonstida på ein standard bustad ned frå 14 til ni månader

Publisert: 11.04.2019 15:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33