Betre merking langs Kystpilegrimsleia
SELJA: Langs kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim er det valt ut 26 viktige stoppestader. Selja kloster i Sogn og Fjordane er eitt av dei.
Nytt

Betre merking langs Kystpilegrimsleia

No skal det verte lettare å finne fram til Selja kloster og dei andre stoppestadene langs Kystpilegrimsleia.

17.07.2019
NPK-Margunn Sundfjord: I fjor blei den nasjonale Kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim offisielt opna, men mange plassar har det til no vore vanskeleg å finna fram for folk som vil følgja i pilegrimane sine fotefar. I sommar er det teke eit krafttak for å retta på dette.
– Arbeidet med å merka stiar og leggja til rette for folk som besøkja kystpilegrimsleia har gått føre seg i fleire år, men i år har vi intensivert dette arbeidet, seier Lasse Sandø, prosjektleiar for «Kystpilegrimsleia over i ein ny fase», til Nynorsk pressekontor.
Han fortel at det så langt ikkje har vore nokon som eigentleg har teke på seg ansvaret for å leggja til rette for at folk skal kunna besøkja dei 26 nøkkelstadane som er valt ut langs leia. Dette er viktige kulturelle og kyrkjehistoriske stader som er peikte ut av Riksantikvaren, dei fem fylkeskommunane frå Egersund til Trondheim og dei lokale bispedømma i området.

Stort behov for praktisk informasjon

– Mange stader finst det ikkje informasjon om korleis folk skal koma seg til desse stadane når dei kjem med buss, ferje eller hurtigbåt. På same måten manglar det ofte opplysningar om opningstider for lokale museum, kor folk kan få seg mat og annan praktiske informasjon, seier Sandø.
Han fortel at det mange stader også har vore behov for avklaringar både med grunneigarar, kommunar og fylkeskommunen.
Prosjektleiaren seier likevel at det mange plassar er gjort mykje for å leggja til rette for folk som vil bli meir kjent med reiseruta til kystpilegrimane, men at tilrettelegginga varierer frå stad til stad.
– Nokre plassar er det også slik at folk som har gjort mykje, har falle frå eller ikkje er aktive lenger.
Denne sommaren har det vore arbeidd målbevisst for å systematisera dette arbeidet og sikra god tilrettelegging langs heile kystpilegrimsleia.

– Betre til neste år

– Målet er å få på plass ei fagleg god teneste til sesongen 2020, seier Sandø. Han fortel at det i den samanhengen vil bli lagt ut meir og betre informasjon om kystpilegrimsleia på nettsidene til Nasjonalt pilegrimssenter.
Parallelt med betre merking og informasjonsarbeid om kystpilegrimsleia, blir det arbeidd for å etablera fleire regionale kystpilegrimssenter. Rogaland har allereie vedteke at dei ønskjer på etablera eit pilegrimssenter på Avaldsnes.
Sandø seier dei andre fylkeskommunane langs leia vil bestemma seg for plassering av kystpilegrimssenter i til hausten.
Han fortel at det er stor entusiasme både blant folk flest og politikarar om pilegrimssatsinga, men at det samtidig er knytt stor spenning til kor mykje pengar som blir løyvt til dette arbeidet i statsbudsjettet. Det blir klart når forslaget til statsbudsjett blir lagt fram 7. oktober.

Publisert: 17.07.2019 10:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37