Betre for Skogstad Sport
INNVIK: Skogstad driv utvikling, produksjon og sal av sports-/fritidskle. Her er dagleg leiar Henning Skogstad saman med Li Hongmei.
Nytt

Betre for Skogstad Sport

Skogstad Sport er tilbake med eit godt resultat i fjor etter eit par tøffe år.

Kristin Vidhammer
11.08.2017

I fjor sa dagleg leiar Henning Skogstad til NETT NO at dei venta at selskapet på ny skulle gå med overskot og at resultatet av færre tilsette og andre kostnadskutt har byrja å gje resultat.
Skogstad Sport har klart å både auke driftsinntektene og betre resultatet kraftig i fjor. Dermed har dei klart å snu til positive resultat igjen etter to tøffe år med store underskot.
Driftsinntektene vart i fjor på 115 millionar kroner, ein auke på 11 millionar i høve til året før. Resultatet før skatt vart eit overskot på 5,7 millionar, mot eit underskot på 3 millionar i 2015 (sjå tabell). Resultatet er det beste sidan 2010.
Styret skriv i årsmeldinga for 2016 at det fortsatt vil bli stort fokus på å auke omsetninga og betre resultatet.

Held seg til produksjon i Kina

Henning Skogstad har besøkt hundrevis av fabrikkar, men held seg til Kina.
- Det apparatet vi har i Kina er veldig velfungerande og vi har eit nært samarbeid med fabrikkane, sa han til NETT NO i fjor.
Les også:
Henning Skogstad sa vidare at selskapet har vurdert fleire alternative produksjonsland, også i Europa, men at dei hadde konkludert med at det langvarige samarbeidet med fabrikkane i Kina er det som passar best. Skogstad har kontor i Kina med eigne tilsette for å følgje opp produksjonen, og det er litt av nøkkelen til at selskapet er nøgd med å vere i Kina.
Det var i løpet av 90-talet at Skogstad Sport la ned all produksjon i Innvik og flytta den til Kina. På topp var dei litt over 30 tilsette i fabrikken.1998 var det heilt slutt på sying i Noreg.

Svakare krone har øydelagt resultatet

Sjølv om Skogstad konkluderer med å behalde produksjonen i Kina er ikkje uteproduksjoen utan minus. Utviklinga i kronekursen har gjort det dyrare å importere kle til Noreg. Mykje dyrarare. Frå 2014 til 2015 steig varekostnaden rundt 40 prosent. Det greidde ikkje Skogstad Sport å kompensere for ved å legge på prisane. Resultatet før skatt vart difor underskot på 4,7 millionar i 2014 og 3 millionar i 2015.
Les også:

Eigne butikkar

Skogstad driv også eigne butikkar gjennom selskapet Skogstad Detalj. Fleire eigne butikkar aukar inntektene for Skogstad Detalj og i fjor vart den rekordhøg og runda 20 millionar kroner. Resultatet før skatt vart eit underskot på 960.000 kroner (sjå tabell), men det er eit klart betre resultat enn i 2014 og 2015 då det vart eit underskot i selskapet på hhv 2,8 og 3,9 millionar kroner før skatt.
Skogstad Sport og Skogstad Detalj er eigd av Skogstadfamiliens Holdingselskap Fri Stil. Fri Stil eig og eigedomselskapet Skogstad Eigedom.

Publisert: 11.08.2017 15:30

Sist oppdatert: 27.07.2021 17:37