Betre enn frykta for Frislid
VIL HA FLEIRE I DRESS: Frislid Konfeksjons-sjef Rune Taklo håpar koronaepeidemien utviklar seg slik at fleire går på kontoret, i møte, på konferansar og i bryllaup og andre private samankomstar der dressen er i bruk.
Nytt

Betre enn frykta for Frislid

På sitt mest pessimistiske budsjetterte Frislid Konfeksjon med 30 prosent nedgang i salet i vårsesongen 2021. No ligg det an til 20 prosent vekst.

18.09.2020
Alt peika feil veg for Frislid Konfeksjon då koronaepidemien kom. Folk blei sendt på heimekontor og det blei slutt på alt som inneber å samle folk der Frislid sine dressar ville vere naturleg påkledning. I tillegg blei ei svak krone enda svakare, og såg ut til å gjere det ekstra dyrt å kjøpe kle produsert i utlandet, slik Frislid Konfeksjon gjer.
Klesbutikkane blei også redde og storparten av butikkane stoppa alle innkjøp frå Frislid Konfeksjon ei periode. Salet i april og mai fall 85-90 prosent samanlikna med same tid i fjor.

Oppgang, men framleis kritisk

I løpet av sommaren har Frislid Konfeksjon tatt igjen ein del av det tapte. Slik dagleg leiar Rune Taklo vurderer det i dag, vil salet resten av året vere på nivå med haustmånadene i fjor og driftsinntektene for heile året ende på omlag 32 millionar kroner.
Det er ein nedgang på omlag åtte millionar kroner samanlikna med 2019, men langt fra så ille som 26 millionar kroner - som Taklo hadde som sitt verst tenklege anslag for 2020 i vår (sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida).
For vårsesongen 2021, som Taklo er i ferd med å førebu no, tyder signala frå forhandlarane på at Frislid Konfeksjon får ein auke i salet på 20 prosent samanlikna med salet til vårsesongen 2020.
- Sånn som det ser ut no, tek vi marknadsandelar og er rimleg optimistiske, seier Taklo.
Han understrekar likevel at situasjonen framleis er kritisk og usikker, med stram likviditet.
Det han håpar på er at koronaepidemien utviklar seg slik at fleire kan dra på kontoret, og at det blir fleire folk på møte, kurs og konferansar og at fleire kan samlast på festar og arrangement i privat regi det folk tek dressen på.
Det han fryktar er ei oppblussing av epidemien, med nye innstrammingar for korleis vi kan møtes.

Skulle sett opp prisane

2019-resultatet vart trekt ned av to forhold - ugunstig valutautvikling som ikkje vart kompensert av auka prisa ut til butikkane, og at fleire gamle kontrakter i sal- og distribusjonsleddet vart avslutta ved at Frislid Konfeksjon kjøpte seg ut.
- Vi burde sett opp prisane i fjor, men vi torde ikkje gjere det, seier Taklo.
I år ventar han eit underskot på omlag to millionar kroner, på grunn av koronanedgangen.
Etter fleire år med ein negativ kursutvikling - sett frå Frislid Konfeksjon si side - ligg valutakursutviklinga i år an til å vere nøytral. Det gjer at selskapet slepp kostnadsauken på grunn av valutautviklinga som har vore eit problem for selskapet i fleire år.

Tok opp lån

Frislid Konfeksjon tok opp eit statsgarantert likviditetslån då koronaepeidemien kom.
Statsgarantien var ein del av krisepakka Regjeringa kom med i vår for å halde bedrifter gåande sjølv om inntektene stupte i starten av epidemien.

Då bedrifta lånet pengar la Taklo ikkje skjul på at konkurs var eit alternativ, og at det ville blitt utfallet utan lånet. Men styret satsar på å ri stormen av, mellom anna av omsyn til stoffleverandørane, fabrikken i Litauen som syr for Frislid Konfeksjon og alle andre leverandørar og samarbeidspartnarar.
- Vi bør ikkje påføre dei kostnadar utan at det er heilt nødvendig, sa Taklo i vår.

Nye kundar

I dag meiner han konsekvens av å unngå konkurs har betalt seg ved at Frislid Konfeksjon har fått nye kundar.
Frislid Konfeksjon, har hovudkontor, lager og distribusjonssental på Nordfjordeid. Selskapet eig datterselskapet Frislid Herreekvipering, som driv butikk på Nordfjoreid, og har og ei avdeling som driv butikk i Oslo.
Frislid Konfeksjon er eigd av det finske selskapet Turo Tailor, der Rune Taklo eig omlag ein fjerdepart av aksjane.
Sånn som det ser ut no, tek vi marknadsandelar og er rimleg optimistiske

Publisert: 18.09.2020 05:55

Sist oppdatert: 22.02.2022 12:40

Mer om