Betre aar for Knut Flakk
ÅLESUND: Knut Flakk held fram med å investere i lokale selskap, og auka både omsetning og resultat i fjor.
Nytt

Betre år for Knut Flakk

Kjøpte nytt helikopter og nytt selskap, men auka omsetning og resultat.

09.07.2019
Knut Flakk-selskapet Flakk gruppen omsette i fjor for 792,4 millionar kroner, ein auke på 22,8 prosent frå året før.
Resultatet før skatt enda på 5,7 millionar kroner mot minus 12,4 millionar i 2017.
Det gode resultatet kjem sjølv om det delvis over drifta vart finansiert kjøp av nytt helikopter, oppkjøp av selskapet Glassetam og gjort investeringar i nye produksjonslinjer og utvikling av bygg.
Dette kjem fram av årsrapporten for selskapet, som no er klar.

32 heileigde selskap

Flakk Gruppen er 100 prosent eigar av 32 ulike selskap, og er inne på eigarasida i fleire andre.
Blant dei 100 prosent eigde selskapa er Devold-fabrikkane, Nord Helikopter, 62 Nord, Glassteam, Basecamp Hotel, Hotel Breisundet, Hotel Union og Dyrkornanleggene.
Flakk Gruppen har også gjort store investeringar i selskapa Easy2You og Skotholmen.

God Hexagon-utvikling

Flakk Gruppen er også nest største aksjonær i Hexagon Composites med 18,1 prosent, og kan glede seg over god kursutvikling på børsen.
Eigenkapitalen var ved årsskiftet på 601 millionar kroner og den langsiktige gjelda var på 681 millionar kroner.
Det vart tatt ut eit utbyte på 23,9 millionar kroner for siste rekneskapsår.

Publisert: 09.07.2019 08:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37