Betaler 300 millionar kroner ekstra for ekspedisjonscruiseskipa
PRISHOPP: For å sikre vidare drift ved Kleven Verft, betalar Hurtigruten ASA 300 millionar kroner ekstra for dei to ekspedisjonscruiseskipa Roald Amundsen og Fridtjof Nansen. 
Nytt

Betaler 300 millionar kroner ekstra for ekspedisjonscruiseskipa

Kleven Verft tapte 451 millionar kroner i fjor. Som ein del av bergingsoperasjonen er prisen på Hurtigruten sine nye skip auka med 300 millionar kroner.

09.08.2018
- Ja, det stemmer. Vi såg fort at kostnadene med å byggje desse to skipa vart langt høgare enn det som var kontraktsfesta frå starten av.
Det seier finansdirektør Ola Beinnes Fosse ved Kleven Verft.

Rosar Stordalen & co

Hurtigrute-aksjonærane eig no Kleven-verftet i Ulstein fullt og heilt, men det har kosta dyrt å få kontroll over verftet og sikre vidare drift til dei to prestisjeprosjekta Roald Amundsen og Fridtjof Nansen er fullført.
Beinnes Fosse rosar Petter Stordalen og dei andre aksjonærane i Hurtigruten.
- Ja, dei har verkeleg bidratt, og no har vi ein finansiell situasjon som gjer at vi både kan gjere ferdig dei to ekspedisjonscruiseskipa og dei to siste Maersk-båtane.
- Dette legg også eit godt grunnlag for å kunne få eit levedyktig verft i framtida.

Bergingsaksjon

Den auka prisen på ekspedisjonscruiseskipa Roald Amundsen og Fridtjof Nansen er ein del av restruktureringspakken, som samla sett kan kome opp i 600 millionar kroner.
- Både eigarar, bankar og kundar har bidratt, der eigenkapitalen er auka med 50 millionar kroner, og der ein har avtalar som gjer at ein kan ta opp 250 millionar kroner i gjeld som på visse vilkår kan omgjerast til eigenkapital, seier Beinnes Fosse.
Denne restruktureringa kjem på toppen av restruktureringa i september 2017 då Kleven Verft vart tilført 245 millionar kroner i ny eigenkapital etter store tap i 2015 og 2016.

Store tap

Men 2017 vart slett ikkje noko betre for verftsgruppa, som fekk eit resultat før skatt på minus 392 millionar kroner, 126 millionar kroner meir enn året før.
På grunn av store tap på enkeltprosjekt vart årsresultatet på minus 451 millionar kroner.
Beinnes Fosse seier at i tala ligg forventa framtidige tap på bygginga av dei to ekspedisjonscruiseskipa.
- Vi tener heller ikkje pengar på bygging av dei seks ankerhandterarane til Maersk, så litt tap er bokført også her.

- Ikkje langsiktige eigarar

Hurtigruten ASA-aksjonærane har gjennom selskapet KVE Holding gått inn og overtatt Kleven Verft i Ulsteinvik, inkludert Kleven Maritime Contracting og Kleven Maritime Technology, medan dei tidlegare eigarane har overtatt Myklebust Verft i Gursken, inntil vidare med Petter Stordalen og dei andre Hurtigruten-eigarane som medaksjonærar.
Beinnes Fosse seier at det er heilt klart at Stordalen & co ikkje er langsiktige verftseigarar.
- Nei, før eller seinare vil det kome ei anna løysing på eigarskapen, men dei har verkeleg stilt opp så langt. No er det opp til oss å vise at vi kan byggje desse to ekspedisjonscruiseskipa så effektivt som muleg.
- Det vert tøft, men det meste ligg no til rette for at vi skal klare det på ein god måte.

Takka ja til fast stilling

Beinnes Fosse var i utgangspunktet innleigd som finansdirektør etter at den forrige slutta, men har no sagt ja til fast stilling.
- Dette hadde eg ikkje gjort om eg trudde dette var ei kortvarig sak. Eg sa ja fordi eg har god tru på at her skal det byggjast mange fleire skip framover.
Verftet inngjekk i juni forlik med ein underleverandør som hadde gått rettens veg for å få betalt for arbeid det ikkje var betalt for.

Betalar underleverandørar

Beinnes Fosse seier at som ein del av restruktureringa har ein no gjort opp med alle underleverandørar.
- Vi har vore så heldige å ha svært forståelsesfulle og samarbeidsvillige underleverandørar. Det har vore svært viktig i den fasen vi har vore inne i, men vert også viktig framover.
Kleven Verft har ei samla gjeld på 2,9 milliardar kroner og sysselsette i fjor 315 årsverk i snitt.
No er det opp til oss å vise at vi kan byggje desse to ekspedisjonscruiseskipa så effektivt som muleg

Publisert: 09.08.2018 12:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25