Betalar renter for gamle Rem
OFFSHORE: Solstad Offshore held fram med å betale renter på gjelda til gamle Rem Offshore, her Normand Jarstein, tidlegare Rem Pioner.
Nytt

Betalar renter for gamle Rem

Solstad Offshore slit økonomisk, men held fram med å betale renteutgiftene for den gamle Rem-flåten.

05.12.2019
Skudenes-baserte Solstad Offshore har lagt fram kvartalstala for Solship Invest 1, som er den gamle Rem Offshore-flåten som Solstad overtok i slutten av 2016.
Solstad Offshore har totalt 30 milliardar kroner i gjeld, og forhandlar med kreditorar og obligasjonseigarar om å få på plass ein ny restruktureringsavtale for å halde storkonsernet flytande.

Solstad betalar ikkje renter for store deler av gjelda, men for Solship Invest 1 har Solstad betalt 135,4 millionar kroner i renter i tredje kvartal.
Samla gjeld er på 3,8 milliardar kroner.

Positivt driftsresultat

Totalt hadde den gamle Rem-flåten inntekter på 526,6 millionar kroner i kvartalet.
Driftsresulattet vart positivt med 88,1 millionar kroner etter nedskrivingar på 77,4 millionar.
Etter å ha betalt renter og andre finansielle utgifter, enda resultatet før skatt på minus 58,4 millionar kroner.

50 skip i opplag

Dagens Solstad Offshore består av dei tidlegare selskapa Rem Offshore, Farstad Shipping, Deep Sea Supply og tidlegare Solstad Offshore.
Styret viser til at selskapet har inngått fleire langtidskontraktar 'world wide' i det siste, men at ein samstundes ser for seg ein svært utfordrande vintersesong i Nordsjøen.
Totalt har selskapet 136 skip.
21 ankerhandterar ligg i opplag. Det same gjer 20 PSV-ar og ni subseaskip.

Publisert: 05.12.2019 13:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47