Beste bedriftsutviklar i landbruket
PRIS: Torunn Ljøen og Petter Melchior ved Melchiorgarden vinn innovasjonspris.
Nytt

Beste bedriftsutviklar i landbruket

Melchiorgarden i Norddal kombinerer reiseliv med mjølkeproduksjon av geit og vidareforelding av bringebær. No vert det pris.

18.10.2017
Melchiorgarden ved Petter Melchior og Torunn Ljøen i Norddal er tildelt Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Møre og Romsdal 2017.
Prisen er på 50 000 kroner, opplyser Innovasjon Norge i ei pressemelding.
I tillegg går Melchiorgarden vidare i konkurransen om den nasjonale Bedriftsutviklingsprisen i landbruket.
Det er Innovasjon Norge i Møre og Romsdal som deler ut prisen.

Positivt økonomisk resultat

I grunngjevinga for tildelinga viser juryen til at kandidaten har hatt god omsetning og eit positivt økonomisk resultat dei siste åra, og at ein sysselset fem årsverk.
I tillegg kjem dei mange personane som er sesonghjelp om sommaren.
"Melchiorgarden opprettheld drifta på bruket i Norddal og har skapt trygge arbeidsplassar for seg sjølve, og dei som vert sysselsette gjennom sesongen", fastslår juryen.

Geit og bringebær

Det vert også vist til at Melchiorgarden er ein av partane som bidreg til å oppretthalde drifta av Herdalsetra.
Melchiorgarden kombinerer tradisjonell mjølkeproduksjon frå geit med dyrking og vidareforedling av bringebær, vidareforedling av kjekjøt og reiseliv. Kombinasjonen gjer at bedrifta har fleire bein å stå på.
"Melchiorgarden har skapt aktivitet som også gir ringvirkningar for bygda. Melchiorgarden har gjort ein ekstra innsats med tanke på å utnytte kjekjøt kommersielt. Dei er føregangspersonar med tanke på å vise kor verdifull denne ressursen er. I tillegg til eigenverdien i konseptet til Melchiorgarden, er dei også gode ambassadørar for norsk landbruk", skriv juryen.

Vil synleggjere gode resultat

I pressemeldinga vert det opplyst at prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for bedrifter eller personar som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i ressursane i bygdene og i landbruket.
Formålet med prisen er blant anna å synleggjere gode resultat frå landbruksrelatert næringsutvikling.
I kvart fylke blir det kåra ein fylkesvinnar og desse konkurrerer så om den nasjonale prisen.

Publisert: 18.10.2017 13:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15