Beste PSV rater sidan nedturen
RATEHOPP: I slutten av september steig ratene for PSV-ar kraftig (mørk blå linje), noko som gjorde september til den beste for PSV-ar sidan 2014. For ankerhandterarar held ratene fram med å variere kraftig.
Nytt

Beste PSV-rater sidan nedturen

September vart ein opptur for hardt råka offshorereiarar med dei høgste september-ratene for PSV-ar sidan 2014. 

08.10.2019
Snittratene for PSV-ar med dekk over 900 kvadratmeter låg i september på 11.161 britiske pund, og 10.434 pund for forsyningsskip med mindre dekksareal.
Dette kjem fram av månadsrapporten Seabreeze frå skipsmeklaren Seabrokers.

Beste på fem år

Snittratene var 36 prosent over september i fjor for dei store PSV-ane, og 14 prosent over fjoråret for dei mindre båtane.
Ikke sidan 2014 har september-ratene våre høgre for PSV-ar som opererer i spotmarknaden i Nordsjøen.

Reknar med vinterfall

Seabreeze opplyser at ein av grunnen til dei relativt gode ratene er at 10-15 PSV-ar har forlatt Nordsjøen på grunn av Allseas-prosjektet i Austersjøen, der Gazprom-eigde Nord Stream skal leggje rørleidning.
Berre i april og mai i år har spotratene for større PSV-ar vore høgare i Nordsjøen.
Seabreeze reknar med at ratene vil falle no når det nærmar seg vinteren, sjølv om det er fleire teikn til lysning.

Store variasjonar

For ankerhandterar held ratene fram med å variere svært mykje, men der snittratene i september i år var langt høgare enn for eitt år sidan.
I snitt fekk ein 35.871 britiske pund for større ankerhandterarar, og 33.057 pund for dei mindre.
Auken for dei større er på heile 269 prosent samanlikna med ein blytung september i fjor, medan for dei mindre er auken 139 prosent.
Ratevariasjonen i september vert illustrert ved at lavaste raten for ein større ankerhandterar var på 10.707 britiske pund, medan maksimumsraten var på heile 75.000 pund.

Publisert: 08.10.2019 16:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41