Berre to nye oljestudentar ved NTNU
MINDRE POP: Olje- og energiminister Terje Søviknes er bekymra over at interessa for petroleumsfag stuper. Her prøver han boresimulatoren til Fagskolen i Hordaland.
Nytt

Berre to nye oljestudentar ved NTNU

Frå 60 til to studentar på tre år.

24.02.2017
NPK-NTB: I 2014, før oljeprisfall og 50.000 stillingskutt i bransjen, var det 60 førsteårsstudentar i petroleumsfag ved NTNU. I år er det berre to.
På petroleumsfag i Trondheim er det no berre rundt 90 studentar igjen fordelt på fire årskull, og berre to av dei er studentar på førsteåret, ifølgje Ved Universitetet i Stavanger kom i fjor alle søkjarar til bachelorstudiane i petroleum inn, for første gong på 15 år. På restetorget låg det igjen plassar både til studiar i petroleumsteknologi og -geologi.
Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) er skremt med tanke på at det kan bli mangel på kompetanse om oljepila begynner å peike oppover igjen:
– Mange har peikt på at 2017 antakelegvis er året då det botnar ut. Eg opplever når eg er rundt no, at det er gryande optimisme, forsiktig optimisme, både i leverandørindustrien og oljeselskapa. Eg ser lyst på åra som kjem. Eg håpar berre vi ikkje får ein for bratt opptur igjen, at vi endar der om tre-fire år at plutseleg er det ikkje folk å hente inn igjen i bransjen, seier Søviknes.

Publisert: 24.02.2017 09:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06