Berge Co tek over Sandven
COMEBACK: Tidlegare Autoservice i Ørsta gjer comeback som Volkswagen-forhandlar etter at Berge & Co kjøper ut Trond Sandven.
Nytt

Berge & Co tek over Sandven

Berge & Co i Førde tek over Sandven Ørsta.

20.12.2016
Kjøpet gjeld frå og med no stadfestar dagleg leiar Øyvind Berge i Berge & Co. I sluttspurten vurderte Berge & Co fleire alternativ for å etablere seg på Sunnmøre, men i dag ble det klart at valet fall på kjøp av Sandven Ørsta.
Det betyr at Sandven Ørsta blir eit heieigd selskap i Berge & co-konsernet, og gjer comeback som Volkswagen-forhandlar.

Valutasmell

Bilforhandlar Trond Sandven kjøpte tidlegare Autoservice i Ørsta i 2013 for å satse på bruktbilmarknaden på Sunnmøre, med bruktimporterte bilar i høg prisklasse.
Valutakursutviklinga slo imidlertid ikkje heldig ut, og med salet i Ørsta har Sandven trekt seg tilbake frå både Oslo og Nordvestlandet, medan Berge & Co i Førde har etablert seg på Søre Sunnmøre, slik selskapet har arbeidd for i fleire år.

Audi og Skoda

Berge & Co er ein av dei største bilforhandlarane på Nordvestlandet, med hovudanlegg i Førde. Selskapet har bilforretning i Stryn og verkstad i Måløy.
I tillegg til Volkswagen sel Berge & Co Audi, Skoda og brukte bilar.



Publisert: 20.12.2016 16:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04