Beredskap har faatt fornya aktualitet
KYSTVERKET: Direktør Einar Vik Arset seier Kystverket skal ta ei aktiv rolle i arbeidet med å gjera hamner og farleier effektive og trygge.
Nytt

- Beredskap har fått fornya aktualitet

– Det var ei bratt læringskurve, seier kystdirektør Einar Vik Arset etter at cruiseskipet Viking Sky var nær havari med 1.373 folk om bord.

22.04.2019
NPK-Bjørn Ivar Voll: Cruiseskipet Viking Sky med 1.373 folk om bord var nyleg nær ved å enda i fjøresteinane på mørekysten.
Laurdag 23. mars mista Viking Sky motorkrafta og byrja driva mot land på Hustadvika. Det blei starten på ein omfattande rednings- og bergingsoperasjon. For Arset handla det mest om å skaffa oversikt og informera departementet om det som skjedde.
– Beredskap har fått fornya aktualitet berre dei siste tre–fire månadane, meiner Arset.

Klar for krise

Han byrja i jobben som direktør for Kystverket i februar. I månadane før hadde kystetaten handtert fleire alvorlege og potensielt katastrofale hendingar. Natt til 8. november kolliderte fregatten KNM Helge Ingstad med tankskipet Sola i Øygarden i Hordaland. Tankskipet var fullasta med 60.000 tonn råolje. Fregatten sokk i skjergarden.
Fredag 28. desember blei 14 personar redda frå fiskebåten Northguider i Hinlopensundet på Svalbard. Båten blei sikra og tømt for olje i temperaturar ned mot minus 43 grader.
– Det er ti år sidan Full City-ulykka. På kort tid har me hatt tre av dei viktigaste scenarioa som me har trena på. Me skal vera på tå hev, og så ser me at når det skjer ei krise, er me på det beste. Då brettar alle opp ermene, og kompetansen kjem til syne. Det trur eg folk har sett, seier Arset.
Kystdirektøren legg til at ein aldri kan bli fullt ut utlært eller ha kontroll på alle scenario, men han meiner den samla beredskapen er godt samordna.

Ein aktiv etat

Arset er sjef for ein etat som kan verka vanskeleg å koordinera, spreidd langs heile kysten som etaten er. Kystverket er delt inn i fem regionar som har eit regionalt ansvar for mellom anna farleier, sjømerke og fyr. Sjølv sit Arset i Ålesund i Møre og Romsdal. Han er budd på at det blir ein del reising for å bli betre kjent med organisasjonen.
– Mange etatar har blitt direktorat, men Kystverket er ein aktiv etat. Det var noko av det som trekte meg til jobben, seier han.
Einar Vik Arset er i starten av eit seks år langt åremål. 42-åringen har lang erfaring som leiar i kommunal sektor. Frå 2010 var han rådmann i Ulstein kommune i Møre og Romsdal. Før det var han rådmann for nabokommunen Vanylven i nesten fem år.

Meir for pengane

Erfaringa frå Kommune-Noreg kan komme godt med i ein etat som har fått klare føringar om å spara pengar. I tildelingsbrevet frå Samferdsledepartementet heiter det at «Kystverket må legge vekt på effektivisering og kostnadsbesparelser», og at prosjekta må «optimaliseres med omsyn på reduserte kostnader og økt nytte».
Arset går inn i jobben med ein ambisjon om å vera nøktern og om å levera meir infrastruktur for skattekronene.
– Ein må stadig jakta på nye arbeidsmåtar, vera nøkterne på drift, ikkje overdriva investeringane og samstundes ha eit mål om at det er samfunnsnytten som skal bera ei investering, seier han.
Kystdirektøren seier han opplever at departementet er nøgd med korleis etaten blir styrt, at det er kontroll på kostnadar og prosjekt. Av dei rundt 73 milliardane som årleg er i bruk i samferdslesektoren, går om lag 3 milliardar til Kystverket – resten går til veg, bane og luft.
– Me har jo ikkje dei største investeringane. Riksveg 1 langs kysten ligg jo der, men me har tjue tusen installasjonar langs heile kysten som naturlegvis skal verka, og dei skal haldast ved like og fornyast.

Skipstunnel om igjen

Ei anna tydleg bestilling frå departementet er å kutta kostnadane før bygginga av Stad skipstunnel kan starta. Kvalitetssikringa av prosjektet i fjor sådde grundig tvil om at skipstunnelen hadde nokon samfunnsøkonomisk nytte.
Dermed har Kystverket igjen blitt sett til å rekna på kor rimeleg ein kan byggja. Det blir den 21. utgreiinga av prestisjeprosjektet. Målet er at tunnelen skal byggjast for 2,7 milliardar kroner, som er pengane som er sette av i Nasjonal transportplan 2018–2029.
– Bestillinga er temmeleg klar, seier Arset.
Alle kostnadane ved prosjektet blir vurdert på nytt – til dømes om ein kan gjera enklare inngrep i innseglinga på kvar side og kva kvalitet det er på fjellet. Kystverket opplyser at prosjektet har negativ samfunnsnytte og det ikkje ligg i bestillinga å sikra at det blir samfunnsnyttig.
Om ein får til ei god løysing for å bestilla tider for gjennomsegling, meiner kystdirektøren tunnelen likevel kan vera til nytte for mange typar skip.
– No skal me fila ned kostnaden og senda det over i håp om at det gir eit tilstrekkeleg grunnlag for ei avgjerd. Me må ha mot til å seia ja eller nei på eit fagleg grunnlag og overlate avgjerda til andre, seier Arset.

Hav og klima gir moglegheiter og utfordringar

Frå kontoret på Skansekaia i Ålesund har kystdirektøren god utsikt over fjorden. Like utanfor ligg kysten og havet, og det er dit han rettar blikket når han svarar på kva utfordringar Kystverket står over for i nær framtid.
– Havet blir trekt fram som svaret på kva me skal leva av i Noreg framover. Det kan vera nye næringar, offshore, vind, mat, havbruk og fiskefangst. Me må sikra at infrastrukturen er på plass, at det er trygt å segla, og at hamnene gir effektiv og konkurransedyktig logistikk, seier Arset.
Også klimatrusselen er godt synleg frå der kystsjefen sit. Innan 2030 skal transportsektoren i Noreg redusera klimagassutsleppa med 50 prosent i forhold til 2011. Det er elleve år til, og Arset vedgår at dei ikkje kan styra all utvikling.
– Det blir bygd konvensjonelle fartøy i dag som skal gå i 30–40 år i skipsfarten i inn- og utland. Men me skal bidra med innovasjon, kunnskap og kompetanse for å løfta klimautfordringa og finna løysingar. Det trur eg blir ei viktig oppgåve for oss.
 Mange etatar har blitt direktorat, men Kystverket er ein aktiv etat. Det var noko av det som trekte meg til jobben

Publisert: 22.04.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33