Ber regjeringa ta ferjerekninga
SP-FORSLAG: Jenny Klinge frå Møre og Romsdal er mellom fleire Senterparti-representantar som har fremma ferjeforslaget til Stortinget. Dei ber regjeringa fullt ut ta rekninga for nye miljøferjer allereie i revidert statsbudsjett i mai. 
Nytt

Ber regjeringa ta ferjerekninga

Senterparti-forslag til debatt i Stortinget - ber regjeringa ta heile ekstrarekninga for miljøferjer. Sjå høyringa på nett-tv. 

24.02.2020
(NPK – Anne Sigrid Hundere): Auka ferjeprisar har ført til store protestar i kystfylka. Tysdag blir det stortingshøyring om ferjeprisane.
(ekstern lenke)
Jenny Klinge (Sp), stortingsrepresentant for Møre og Romdal, seier dei håpar høyringa vil vise regjeringspartia at dei må setje i gang tiltak.
– Vi håpar det kjem ei løysing for ferjefylka, som gjer det mogleg for innbyggjarane å ha eit godt ferjetilbod og prisar som er rimelege for dei som ferdast, seier Klinge til Nynorsk pressekontor.
Ho er ein av representantane bak forslaget frå Senterpartiet om betre ferjepolitikk for Distrikts-Noreg. Kommunal- og forvaltningskomiteen i Stortinget har bestemt å halde høyring i saka.

Les også:


I forslaget ber Senterpartiet regjeringa legge til rette for rimelegare billettprisar, at staten tek meirkostnader for klimaomstilling og at det blir greidd ut ein nasjonal maksimalpris for båt- og ferjebillettar, der staten kompenserer inntektstapa til fylka ved innføring av ei slik ordning.

Vil høyre prioriteringane til fylkeskommunen

– Vi køyrer full høyring for å belyse dette. Eg vil bruke høyringa for å få fram kva vi har gjort og korleis fylkeskommunen sine eigne prioriteringar har blitt gjort, sa Helge André Njåstad (Frp) til NTB tidlegare i februar.
Njåstad er saksordførar for forslaget i Stortinget sin kommunal- og forvaltningskomite. Han peika på fylkeskommunen si rolle.
– Vi må komme til botns i kva som gjer at fylkeskommunen har fått meir pengar, utan at dei har brukt det til å setje ned takstane, sa Njåstad.

Les også:


Sp: – Staten må kompensere fylka

Klinge (Sp) er ikkje samd med Njåstad (Frp) om at det handlar om prioriteringane til fylkeskommunen.
– Fylka er underfinansiert i praksis. Dei får mindre overført enn det kostar å drive ferjer og mindre overført enn det kostar å kjøpe inn nye miljø-ferjer, som staten set krav om. Fram til no er det ikkje noko som viser at staten finansierer fylka på ein forsvarleg måte, seier Klinge.
Blant deltakarane på høyringa er fylkeskommunane i Vestland, Møre og Romsdal og Nordland, og Nettverk for fjord og kystkommunar, Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Norges lastebileier-forbund.

– Vi har ikkje ei krone til gang- og sykkelvegar

Tove-Lise Torve (Ap), fylkesordførar i Møre og Romsdal, seier fylket brukar 180 millionar kroner meir på ferje enn dei får i overføringar frå staten.
– For å dekke dette har vi lagt på ferjetakstar, i tillegg har det vore naudsynt å kutte i linjer på vidaregåande skule, i kulturtilbod, vegvedlikehald og vi har ikkje ei krone til gang- og sykkelvegar, seier Torve til Nynorsk pressekontor.

Meir om ferjesaka:







Analyse

:

Synspunkt:


r (ekstern lenke)
Fylka er underfinansiert i praksis. Dei får mindre overført enn det kostar å drive ferjer og mindre overført enn det kostar å kjøpe inn nye miljø-ferjer, som staten set krav om

Publisert: 24.02.2020 08:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53