Ber politikarane snu om skule og ferje
SAMDE: Jan Endre Vartdal (t.v.) i Ørsta-bedrifta Vartdal Plast får ei ekstrarekning på tre millionar i år - om dagens takstar og billettsystem blir ståande. Han er samd med NHO-sjefen i Møre og Romsdal, Espen Remme, om at fylkespolitikarane bør snu. 
Nytt

Ber politikarane snu om skule og ferje

Regiondirektøren i NHO Møre og Romsdal og Vartdal Plast-sjefen meiner fylkespolitikarane bør snu om innsparingar.

Marius Rosbach
02.03.2020
– Ja, eg meiner det – i lys av det store overskotet fylkeskommunen fekk i fjor, svarar Jan Endre Vartdal på spørsmål frå NETT NO om han meiner politikarane bør snu om innsparingar på vidaregåande skuler og auka ferjeprisar.
– Men det er viktig at vi ikkje bere angrip fylkeskommunen, men samtidig ser dette i eit nasjonalt perspektiv og ansvaret fylkeskommunen har teke på seg med å elektrifisere ferjene. Ein såg ikkje konsekvensane ved at bevillingane ikkje var store nok, seier Vartdal til NETT NO.
Ørsta-bedrifta er storbrukar av ferjer. I fjor betalte dei 7,5 millionar kroner i ferjebillettar for å frakte råstoff inn til fabrikkane og byggisolasjon og emballasje ut til kundane. Om dagens prisar og system blir ståande - i år.

Les også:


Også NHO-direktør i Møre og Romsdal, Espen Remme, meiner politikarane bør snu – samtidig som han viser til at elektrifiseringa av ferjene er ei nasjonalt og global satsing.
– I tillegg har vi Autopass-utfordringane og eit etterslep på vedlikehaldet på fylkesvegane. I sum blir belastninga for stor på fylka, og det blir feil å legge det over på næringslivet og pendlarane, meiner Remme.
NHO meiner dei auka ferjeprisane er distriktsfiendtleg og næringsfiendtleg.

Utdanning utvikla med næringslivet

Remme meiner også ein del av skulekutta bør gjerast om på - i første rekke yrkeslinjer som YSK/TAF, som er lagt ned frå hausten av.
– Dette er utdanningstilbod som er utvikla i eit nært samarbeid mellom næringsliv og utdanningssektoren, der bedriftene har definert kompetansebehovet og sett inn i krystallkula kva dei har behov for. Å ta vekk dette svekker rekrutteringsevna. Det er heilt openbart at det er grunn til å reversere dette, seier han.

Meir om saka:



Synspunkt:



Remme fortel at næringslivsorganisasjonen jobbar både på lokalt og nasjonalt plan med å øve påtrykk i saka.
– Dette reduserer både evna til å halde på kompetanse og - i verste konsekvens, konkurransekrafta til Norge, seier han.

Møtte fire statsrådar

Måndag føremiddag var fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) mellom dei som møtte fire statsrådar i Oslo om ferjesaka. Formålet med møtet var å få eit felles økonomisk faktagrunnlag om situasjonen, ifølge invitasjonen frå samferdsledepartementet.
Fylke meiner ferjedrifta er underfinansiert og vil ha meir pengar. Torve har tidlegare uttalt at ho meiner dei reelle ekstrautgiftene i samband med overgangen til meir miljøvennlege ferjer, er fem gonger høgare enn dei 100 millionane staten har lagt på bordet.

Ingen lovnader

Møtet som starta klokka ti, var lukka for pressa. Mellom anna samferdsleminister Knut Arild Hareide var på møtet, men kom ikkje med nokre lovnader over bordet.
– Vi må arbeide saman for å løyse problema, sa Hareide til etter møtet.
Fylkesordførar Tove-Lise Torve seier det var eit godt møte, og har tru på at det kjem meir pengar i revidert statsbudsjett. Det kan bety lågare ferjeprisar frå sommaren av.
PÅ møtet deltok også Rogaland, Vestland, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark fylkeskommunar, i tillegg til Kommunesektorens organisasjon (KS).

Fleirtal for ferjekutt

I fylkespolitikken vil og gjere om på hele – eller delar av vedtaka som blei gjort før jul. Også fylkesordførar Torve, har at ho vil diskutere saka på nytt med dei andre partia.
Då blei fleire linjer på vidaregåande lagt ned. Fylkespolitikarane droppa eit forslag om ny takstauke, men innfører Autopass på alle ferjer frå juli. Det gir for reisande med personbilar opp til seks meter.
I – noko som gjer at det er fleirtal for å redusere takstane i fylkestinget. Senterpartiet vil ikkje seie kor mykje, før ein får resultatet av dragkampen med staten om meir overføringar. Saka skal også opp til behandling i samferdselsutvalet denne veka.

Les også:


Analyse:



Pendlar med ferje:


Dette er utdanningstilbod som er utvikla i eit nært samarbeid mellom næringsliv og utdanningssektoren, der bedriftene har definert kompetansebehovet og sett inn i krystallkula kva dei har behov for. 

Publisert: 02.03.2020 11:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53