Ber om skikkeleg skippertak mot plastforureining
OSLO: Fiskeriminister Harald Tom Nesvik ber fiskarane ta med seg meir plast heim enn dei tar med seg ut.
Nytt

Ber om skikkeleg skippertak mot plastforureining

For å få bukt med plasten i havet, oppmodar fiskeriminister Harald Tom Nesvik no fiskarane om å ta med meir plast heim.

12.02.2019
- Det er klart at all plasten vi tar med ut, den plasten skal vi også ta med heim att, sa Nesvik under åsmøtet til Fiskebåt på Hotel Bristol i Oslo.
Men Nesvik meinte at ambisjonane burde vere større.
- Vi må ta med oss meir plast heim enn det vi har med ut. Vi klarer ikkje å reinse havet for plast om vi konserverer situasjonen på dagens nivå.

'Fishing for litter'

Nesvik minte om at det hamnar åtte millionar tonn plast i havet kvart år.
- Dette må vi no gjere noko med, sa Nesvik, som lova å forbetre mottaksapparatet på land slik at det ikkje vart ein hemsko å ta med seg plast til lands.
Han viste spesielt til ‘fishing for litter’-ordninga, ei ordning iverksett av Miljødirektoratet der fiskefartøy gratis får levert marint avfall samla opp frå havet under ordinært fiske.
Nesvik meinte også at det var ein nedtur at ein ikkje nådde milepælen 100 milliardar i norsk sjømateksport i fjor.
- Eg hadde planlagt ein tur til Oslo i romjula for å markere at vi nådde denne grensa, men så skar det seg, sa Nesvik.

Vil hjelpe Nesvik

I årsmøtesalen var det fleire av delegatane som ville hjelpe Nesvik å nå målet i år.
Ein av dei var Carisma Fish-direktør Arild Aarvik.
- I fjor fiska vi ikkje hyse for rundt 200 millionar kroner av kvoten. Hadde vi hatt større kvotefleksibilitet, så kunne vi som hadde kapasitet kunna fiska resten av denne fiskekvoten som andre ikkje klarer å ta.
Havfisk-direktør Webjørn Barstad meinte også at det var viktig med meir fleksible kvoteordingar, og han åtvara mot å krisemaksimere mangelen på norsk råstoffbearbeiding.
- Situasjonen er ikkje så dårleg. For kvitfisk vert over 50 % bearbeidd i Norge, men for å lukkast er det viktig å ha mottaksanlegg som får tilgang på fisk heile året.
Også Leinebris-eigar Paul Harald Leinebø etterlyste meir fleksible kvoter.
- Vi kunne tatt denne hysa i fjor, og bidrege til at Nesvik fekk seg endå ein tur til Oslo.
Han etterlyste også betre prisar på restråstoffet.
- I dag får vi rundt to kroner kiloen. Hadde vi fått fem kroner, ville dette også bidrege til å auke verdiskapinga.
Vi må ta med oss meir plast heim enn det vi har med ut

Publisert: 12.02.2019 12:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31