Ber om ei forklaring paa skulekutt
REAGERER: Mafoss-leiar Jan Thormodsæter (frå venstre), seksjonsleiar Karen Topphol og assisterande rektor Jon Arne Haram ved Ulstein vidaregåande skule reagerer på vedtaket i fylkestinget. 
Nytt

Ber om ei forklaring på skulekutt

Tilsette og næringsliv i Ulstein har vanskeleg for å forstå logikken i kvifor YSK-utdanninga berre blir vidareført i Haram.

Marius Rosbach
10.12.2019
Fleirtalet isom betyr at berre Haram vidaregåande skule får behalde YSK-utdannnga, eller TAF, som mange framleis kallar det.
Ved Ålesund, Fræna, Kristiansund og Ulstein vidaregåande blir desse linjene fjerna. I Ulstein har både tilsette ved skulen og næringslivsorganisasjonen Mafoss vanskeleg for å forstå kvifor.
– Eg kan ikkje forstå det, seier assisterande rektor Jon Arne Haram då NETT NO tok turen til skulen for å høyre reaksjonane etter vedtaket i fylkestinget.
– Ut frå næringsstruktur er vi ganske like i Ulstein og Brattvåg. Som politikarar er dei valt inn og skal representerer heile fylket. Sett slik er det uforståeleg at dei kan oppretthalde tilbodet der, og ikkje her, held han fram.
Dei tilsette lurar på om det har vore om å gjere rope høgast, og stiller spørsmål ved om makta er skeivt fordelt mellom regionane i fylket.

Les også:


Har gode søkartal

Ulstein vidaregåande skule har stort sett opplevd svært gode søkartal til denne linja.
– Vi hadde 33 kvalifiserte søkarar til dei 12 plassane no i haust, seier seksjonsleiar Karen Topphol ved realfagsavdelinga ved skulen.
– Slik har det vore kvart år, bortsett frå eitt år rett etter oljekrisa slo inn, legg Haram til.
Tilsette ved skulen kan bli råka av på ulike vis vedtaket. YSK-utdanninga har til dømes gitt behov for fleire realfagslærarar og eit større fagmiljø ved skulen.

Trur ikkje på innsparinga

Leiar Jan Thormodsæter i Maritim Forening for søre Sunnmøre (Mafoss) meiner vedtaket vitnar om lite forståing for kvar verdiskapinga skjer.
– At skulane og industrien dei representerer er sett opp mot kvarande slik, er øydeleggjande. Samtidig er det ikkje teke tak i utgifter på fleire andre område i fylke, seier han til NETT NO.
I løpet av ein fireårsperiode reknar politikarane med at nedlegging av YSK-tilboda kan spare de for minst 30 millionar kroner i utgifter.
Mafoss-leiaren trur mykje av innsparinga vil gå opp i spinninga ved at det offentlege går glipp av skattekronene frå desse elevane – som kombinerer skule og arbeid. Han meiner også at politikarane gamblar med den framtidige tilgangen på viktig arbeidskraft for industrien.

Ikkje opne for private spleiselag

Ved Haram vidaregåande skule er eigentleg også linja for kulde- og varmepumpeteknologi på kuttlista. Her har det kome eit initiativ frå fleire kuldebedrifter om å vere med å betale for å vidareføre linja.
Thormodsæter meiner det ikkje er eit alternativ for YSK-linja i Ulsteinvik.
– Det er ikkje noko berekraftig løysing. Om vi ikkje klarer å finansiere offentlege skular gjennom det vi betalar i skatt, så er vi ute å køyre, meiner han.

– Som å pisse i buksa

Fylkesordførar Tove Lise Torve har tidlegare vore open for å diskutere ei slik løysing, og Kristin Sørheim (Sp) tok også til orde for kreative finansieringsløysingar frå talarstolen i fylkestinget tysdag.
– Elevane har betalt skatt frå første året på TAF-linja, så betalar bedriftene skatt. Om det er slik at vi i tillegg skal betale for å oppretthalde tilbodet, så er ironien komplett. Det dreiar seg om totalstyringa av økonomien, og blir som å pisse i buksa for å halde varmen, seier Mafoss-leiaren.
Også dei skuletilsette er skeptiske til å sleppe slike private spleiselag inn i finansieringa av den vidaregåande utdanninga.

Les meir:



Tidlegare Taf-elev:


Fleire linjer forsvinn - og nokre blir skjerma

Ei rekke andre vidaregåande tilbod blir også fjerna. Mellom dei er forskarlinja på Fagerlia og IB-linja ved Spjelkavik vidaregåande skule.
Det same skjer med Vanylven-avdelinga ved Herøy vidaregåande skule - som åleine vil spare utgifter på 3,7 millionar neste år. Ved Stranda og Sykkylven vil ein ha felles administrasjon.
Derimot blir det fulle klassar i musikk, dans og drama ved dei plassane som har tilbodet i dag – Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund.
– Det har vore viktig å ikkje ramme dei kreative faga for hardt, sa Yvonne Wold (SV) i .
Fylkespolitikarane går også inn for å halde på linjer som restaurant og matfag i Ørsta og restaurant og matfag på Stranda, i tillegg til bygg og anlegg i Herøy. Desse tilboda var føreslått nedlagt frå fylkesrådmannen si side.

Meir frå fylkestinget:



Publisert: 10.12.2019 17:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47