Ber obligasjonslaangivarane om meir tid
Nytt

Ber obligasjonslångivarane om meir tid

Havyard Group vil utsette betaling av obligasjonslån med tre månader, til 13. september.

08.07.2020
Samstundes som det er gjeldsforhandlingar i datterselskapet Havyard Ship Technology forhandlar Havard Group om ei refinansiering av konsernet. Nett no er det viktigast å få ein avtale med obligasjonslångivarane , som har lånt ut 90 millionar kroner, ifølgje Havyard-sjef Gunnar Larsen,
Lånet forfell til betaling 13. juni, og Havyard Group ber obligasjonseigarane no om å utsette fristen til 13. september i år. Planen er at obligasjonslångivarane skal ta stilling til framlegget i eit møte 10. juni, i følgje ei børsmelding.

Treng ekstra tid

I følgje børsmelding og meldinga til obligasjonslångivarane er behovet for meir tid til å finne eit refinansieringsløysing grunnen til at Havyard Group ber olbigasjonseigsarane om tre månadars pusterom.
Havyard har diskutert framlegget med "ad hoc-gruppe" av obligasjonslångivarar, i følgje meldinga. Dei er mellom anna samde om at renter for dei tre ekstra månadane skal betalast ut seinast 17. juni.

Finansiert skipsbygging

I starten av mai melde Havyard Group at det var oppnådd semje om ei løysing som sikra finansiering av bygging av seks skip under bygging ved verftet i Leirvik i Sogn. Verftet er ein del av datterselskapet Havyard Ship Technology.

Vidare drift i Leirvik skal skje i eit nytt datterselskap, New Havyard Ship Technology. New Havyard Ship Technology tek over oppdraga etter Havyard Ship Technology.

Utsett årsrapport

Børsnoterte Havard Group har ikkje offentlegggjort kvartalsrapportar i år, og har utsett offentleggjering av årsrapporten.
Årsrapporten med reknskapen for 2019 skulle etter planen leggast fram torsdag 30. april og generalforsamlinga skulle haldast 28. mai. Begge deler er utsett. Årsrapporten skal leggast fram seinast 10. juni og generalforsamlinga 3. juli 2020.

Publisert: 08.07.2020 07:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57