Ber obligasjonseigarane om hjelp
LÅN: Havyard Group og konsernsjef Geir-Johan Bakke slit med å gå frå raude til svarte tal, og ber no obligasjonseigarane om å endre vilkåra i obligasjonslånet.
Nytt

Ber obligasjonseigarane om hjelp

Havyard Group slit med å kome i pluss, og ber no om at obligasjonseigarane lempar på krava til bokført eigenkapital i selskapet.

10.12.2018
Nordic Trustee kallar obligasjonseigarane i inn til møte 27. desember for å be om endringar i obligasjonslånsvilkåra i eit lån som no er på 92,5 millionar kroner.
Havyard har alt fått aksept frå dei sentrale obligasjonseigarane om at kravet til bokørt eigenkapital vert redusert frå minimum 450 millionar kroner til minimum 400 millionar kroner.
Ved utgangen av siste kvartal var bokført eigenkapital på 453 millionar kroner.

Har gitt lån

I informasjonen til obligasjonseigarane opplyser Havyard at det har tatt tid å omstille seg etter offshorenedturen, sjølv om konsernet har lukkast å kome inn på nye segment.
Men no merkar ein høgare aktivitet, og for å leggje til rette for den auka aktiviteten har hovedaksjonærar Havila Holding saman med konsernsjef Geir-Johan Bakke totalt gått inn med totalt 40 millionar kroner i lån.

Forseinka prosjekt

Konsernet har no ein rekordstor ordrereserve på 5,1 milliardar kroner, og i informasjonen til obligasjonseigarane blir det også opplyst at konsernet i 2018 har ein inngått kontraktar til høgare prisar enn i perioden 2015 - 2017, noko som gjer at ein er optimistisk på litt sikt.
Derimot trekker det ned at fleire prosjekt har vorte utsette eller materialiserte seinare enn ein først trudde, slik som bygginga av ein pelagisk trålar til French Pelagic. Båten skulle opphaveleg leverast i år, men no er leveringa utsett til andre kvartal neste år.

Ferjer etter planen

Konsernet har no levert fire av 13 el-ferjer til Fjord1, og opplyser no at dei første prosjekta har vorte gjennomførde etter planen og etter dei opphavelege kalkylane.
I fjerde kvartal forventar ein at driftsresultatet vert forbetra, men det er knytt uvisse til nye rekneskapsprinsipp.
Havyard Group tilbyr no obligasjonseigarane å betale obligasjonseigarane 1,5 prosent av uteståande dersom dei seier ja til å endre obligasjonslånsvilkåra.
Konsernet hadde i tredje kvertal i år eit resultat før skatt på minus 5,5 millionar kroner, og hittil i år på minus 38,2 millionar.

Publisert: 10.12.2018 10:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29