Ber investorane setje pengane i fornybar energi
OPTIMISME: Sverker Åkerblom (t.h.), her i samtale med direktør Helen Clarkson i The Climate Group og programleiar Siri Lill Mannes.
Nytt

Ber investorane setje pengane i fornybar energi

Han jobbar i verdas største investeringsselskap, og vil ikkje rå kundane å investere i olje og gass.

29.01.2019
- Eg har sikkert kollegaer som vil vere positive, men personleg vil eg ikkje anbefale nokon å setje pengar i forureinande selskap.
Det seier direktør- og portefølgjeforvaltar Sverker Åkerblom i Blackrock Renewable.

5.000 milliardar USD

Blackrock er verdas største investeringsselskap med ein forvaltningskapital på formidable 5.000 milliiardar US dollar, som selskapet forvaltar på vegne av rundt 100 store institusjonelle kundar.
Under Enovakonferansen i Trondheim skapte Åkerblom optimisme ettersom han klart fastslo at det no er ein enorm straum med midlar som no vert plasserte i fornybar-satsingar.
Han sa at det er her oppsida er, også for investorar som vil ha stabil, langsiktig avkastning.
- Klimaendringane utgjer ein stor risiko, men gir samstundes enorme mulegheiter. Det er mulegheitene vi fokuserer på, sa Åkerblom.

Store verdiendringar

Han viste blant anna til store endringar i verdifastsetjing av eigedomar, der verdien vil stupe for eigedomar som ligg i tørkeråka eller flomutsette område.
Han viste også til at stadig fleire statar har innført karbon-skatt, slik at det vert dyrare å drive og mindre lønsamt å investere i selskap som har karbonutslepp.
- Det verkeleg store skiftet vil kome om vi får ein global karbonskatt, sa han.
Blackrock har gått tungt inn i selskap som satsar på elektrifisering av transportsektoren.
- Denne sektoren har vi spesielt stor tru på, sa Åkerblom.

Bra med vind og sol

I Norge har Blackrock investert i vindprosjekt, blant anna for å gi Alcoa og Google rein energi.
- Om vi har eit bra år, er det fordi det er mykje vind eller mykje sol.
Gjennom fornybar-satsingane bidreg Blackrock no til fornybar energi tilsvarande over tre mililionar husstandar, og talet veks fort.
- Vi fokuserer aktivt på å investere meir i fornybar energi.

- Ingen pengar i kjernekraft

Åkerblom har sjølv bakgrunn som forvaltar innanfor olje og gass, og fekk spørsmål om kvifor han skifta så dramatisk retning for ti år sidan.
- Det var nok av same grunn som at studentar vil arbeide for Tesla og ikkje for Ford.
- Eg vil jobbe for framtida.
Han fekk også spørsmål om kvifor ikkje det vart satsa meir på kjernekraft.
- Ingen investorar vil setje pengar i kjernekraft. Det er for dyrt og avkastninga for dårleg.
Om vi har eit bra år, er det fordi det er mykje vind eller mykje sol

Publisert: 29.01.2019 12:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30