Ber energiministeren avklare vindkraftsaka
STERK MOTSTAND: Klar melding frå motstandarar av vindkraft i frontruta på ein bubil på Haramsøya. Else-May Norderhus (Ap) tek opp saka i Stortinget. 
Nytt

Ber energiministeren avklare vindkraftsaka

Ap-politikar tek opp utbygginga på Haramsfjellet i Stortinget og fylkesutvalet ber om stopp.

Marius Rosbach
04.06.2020
Stortingsrepresentant Else May Norderhus (Ap) ber olje- og energiministeren svare på kva ho vil gjere for å dempe konflikten kring vindkraftutbygginga på Haramsøya, skriv NRK.
I eit viser politikaren frå Møre og Romsdal at innbyggjarane kjenner seg maktesløyse i situasjonen og er usikre på korleis anlegget blir samanlikna med konsesjonen gitt for mange år sidan.
Ho meiner det er eit klart behov for å få på plass nye konsesjonsreglar raskt.
– Statsråden må nå ta ansvar og avklare situasjonen snarast, skriv Norderhus til sist i spørsmålet, som Bru ikkje har svara på enno.

Uttale frå fylkespolitikarane

Onsdag kom også fylkesutvalet i Møre og Romsdal med ein uttale der dei ber regjeringa stoppa utbygginga på Haramsfjellet i påvente av at interesseorganisasjonen Motvind Norge skal fremme saka for retten.
Fylkesordførar Tove -Lise Torve (Ap) viste til den sterke motstanden mot utbygging som årsak til at ho tok opp saka i fylkesutvalet.
– Vi ser at det er ein aukande motstand og skepsis mot vindkraft på land generelt, påpeika Torve.
Ho viste til at regjeringa trakk utbyggingsplanen til NVE, etter at det kom kraftig motstand mot vindkraft i mange av områda som blei peika ut som eigne for utbygging.
Fylkesordføraren viste også til at det tidlegare har vore fleire innvendingar mot utbygginga på Haramsfjellet, mellom anna frå fylkeskommunen. Då blei det stilt spørsmål ved korleis utbygginga stod i høve til den opphavlege konsesjonen.

Har hindra anleggsarbeidet

Det har vore fleire demonstrasjonar og protestar på Haramsøya for å stanse utbygginga av vindkraft på øya. Dei siste vekene har lokalbefolkninga demonstrert og aksjonert mot utbygginga, som kjem i land med ferja frå fastland.
Frp har nyleg hatt oppe eit forslag i Stortinget om å stanse all utbygging av vindkraft til ny konsesjonsreglar er på plass, og det er venta at saka kjem tilbake dit over sommaren.

Les også:


Vi ser at det er ein aukande motstand og skepsis mot vindkraft på land generelt

Publisert: 04.06.2020 09:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58