Ber bod om noko stort
DANSKEFERJE: Arbeidet med å utvikle ei ferje med kapasitet til 1800 passasjerar med DFD, er berre eitt av ei rekke hydrogenprosjekt som Hexagon Composites-konsernet er involvert i, fortel Jon Erik Engeset (innfelt). 
Nytt

– Ber bod om noko stort

Hexagon-sjefen fortel at aktiviteten på hydrogen er i ferd med å «ta heilt av». No skal dei mellom anna vere med å utvikle ny danskebåt saman med DFDS.

Marius Rosbach
30.11.2020
Hexagon Purus som etter planen blir børsnotert som sjølvstendig selskap i løpet av året, er med på eit samarbeid som skal utvikle ei hydrogendriven ferje.
Det er reiarlaget DFDS som saman med ein rekke andre selskap, har planar om å sette i drift ei slik ferje på ruta mellom Oslo-Fredrikshavn og København.

– Trykket er veldig høgt

Konsernsjef Jon Erik Engeset i Hexagon Composites påpeiker at det er ein utviklingsavtale som i første rekke dreiar seg om å utvikle teknologien som trengst.
Samtidig er dette berre ein av ei rekke nye prosjekt på hydrogenområdet.
– Det ber bod om noko stort. Det har vore mykje meiningar kring hydrogen dei siste åra, men no er vi i ferd med å få en brei konsensus om at det er ein del av løysinga for framtida, fortel han til NETT NO.
Han reknar med at det også vil vere behov for anna type teknologi, men pågangen med førespurnader vitnar om at marknaden er i ferd med å vakne for alvor.
– Trykket er veldig høgt. Det synest vi for så vidt det har vore i fleire år allereie, men no tek det heilt av, fortel han.

Trur på større seriar

Engeset fortel at det førebels er mykje jobb med relativt små prosjekt.
– Slike prosjekt startar gjerne med ein pilot, før det gå vidare til små seriar og forhåpentleg større seriar. Og vi føler oss meir og meir sikre på at det siste også bli ein realitet, seier han.
Hexagon Purus la nyleg for dagen for dei komande åra.

Vil på vatnet til 2027

Partnarskapet om danskeferja til DFDS, inkluderer også selskap som ABB, Ballard Power Systems Europe, Lloyd’s Register, Knud E. Hansen, Ørsted og Danish Ship Finance. Det er søkt om EUs innovasjonsfond om støtte til arbeidet.
Målet er ei ferje som kan segle med ein motoreffekt på 23 megawatt og vere på vatnet innan 2027. Hydrogenet som skal sørgje for framdrifta, skal produserast ved hjelp av havvind i København-området, ifølgje frå reiarlaget.
Trykket er veldig høgt. Det synest vi for så vidt det har vore i fleire år allereie, men no tek det heilt av

Publisert: 30.11.2020 16:19

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:03