Bekymra over distribusjon
TRØBBEL : Omleggingar hos posten har gjort det vansklegare for redaktør Vidar Parr i Synste Møre å nå alle abonnentane i tide, og Parr fryktar at Posten skal redusere talet på postomberingsdagar ytterlegare. Til høgre marknadskonsulent Rønnaug Søvik.
Nytt

Bekymra over distribusjon

Redaktør Vidar Parr i lokalavisa Synste Møre har ein fjerdepart av abonnentane utanfor Vanylven-området og merkar at fleire får avisa for seint.

20.06.2018
Så seint som i går var det ein abonnent som sa opp på grunn av sein levering. Omfanget av oppseiinger er ikkje stort, men avisa har fått fleire tilbakemeldingar om sein levering. Parr seier distribusjonsspørsmålet er det som uroar han mest nett no og er redd for ytterlegare reduksjon i talet på postomberingsdagar.

Problema starta ved årskiftet, med omlegging til nye rutinar hos Posten.
I dag har avisa fått orden på distribusjonen i Oslo/Austlands-området, men får framleis meldingar om sein levering frå abonnentar i Bergen, Stavanger, Trondheim og Vestlandet utanom Nordfjord og Møre og Romsdal.

Mange kundar

- Synste Møre er ei av avisen med høgast fjernandel, seier Parr om samansettinga av abonnementsmassen.
Avisa trykkjer hos Polaris Media sitt trykkeri i Ålesund på onsdag, og kundane får avisa på torsdag. Dei som bur lenger unna, som i Oslo og dei andre store byane, skal etter planen få avisa seinast fredag.
Men for ofte går ikkje det, og på grunn av manglande postombering får dei då "Synste Møre" i postkassa først etter helga.
Abonnentane kan få og ein pdf-versjon på nettet, men det er eit tilbod mange ikkje vil ha.

Held stand

2017 enda nokså likt med 2016 (sjå tabell), og Parr seier selskapet så langt i år ligg an til eit resultat på line med fjoråret.
Talet på abonnentar gjekk ned med 29, til 2185, i 2017. Annonseinntektene fall med 124.000 kroner.
Selskapet sysselsette 3,5 årsverk i fjor.

Publisert: 20.06.2018 14:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23