Beinharde problem for Nordic Wildfish
OMBYGGING AV ANLEGG: "Molnes" under ombygging hos Vard Søviknes i 2016. No er båten tilbake på verftet for mindre vedlikehald og ein ombygging av hydrolyseanlegget ombord. 
Nytt

Beinharde problem for Nordic Wildfish

Trålaren "Molnes" er sendt på verkstad på grunn av harde fiskebein.

07.12.2017
Fiskebeina på torsken gjer at fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish ligg over eitt år på etterskot med å få sving på utnytting av restråstoffet ombord. Planen var på vere i full sving i 2016, men no er målet å kome i gang i 2018.
Avskjær frå fangsten skal brytast ned i ein hydrolyseprosess og gjerast om til olje, protein og kalsium. Erfaringane frå liknande anlegg for oppdrettslaks tilsa at anlegget som vart sett inn ombord då Molnes vart bygd om i 2016 skulle fungere fint.
Men beina på hurtigveksande, ung oppdrettslaks er mjukare enn på gammal og seintveksande vill torsk. Torskebeina blir ikkje brotne ned i tilstrekkleg grad og hydrolyseanlegget blir tilstoppa.

Går tett

Molnes kom denne veka til Vard Søviknes for ei mindre ombygging av hydrolyseanlegget for å få bukt med problemet. Båten skal ut igjen i fiske 2. januar.
Administrerande direktør Tore Roaldsnes seier det er snakk om eit "betydeleg beløp" som er brukt på å halde full bemanning på hydrolyseanlegget i Molnes etter at trålaren vart sett i fiske etter ombygginga i 2016 - då hydrolyseanlegget var sett inn.
Erfaringane med anlegget gjer at han no er relativ sikker på at reiarlaget har funne løysinga, men han gir ingen garantiar.
- Nei, det gjer vi ikkje, men vi er sterke i trua, seier Roaldsnes.

Mange variablar

Forskar Oddrun Anita Gudbrandsen ved Universitet i Bergen arbeider med hydrolyse i samband med eit forskningprosjekt for å kartlegge effekten av fiskeprotein på fedme og fedmerelaterte.
Ho sa til NETT NO tidlegare i år at det er ei rekkje variablar som avgjer kva som blir sluttproduktet av ein hydrolyseprosess, frå kva fiskeslag som blir brukt til korleis sjølve hydrolyseprosessen foregår.

I ein hydrolyseprosess blir råstoffet tilsett enzym og eventuelt væske, og varma opp. Det startar ein prosess som gjer det råd skille ut protein, olje og kalsium.

Mange prisar

Nordic Wildfish har fått mange prisar for satsinga på nye metodar i fiskerinæringa, seinast i februar i år dei selskapet vart kåra til "Årets nyskapar" i Møre og Romsdal.

I tillegg til hydrolyseanlegg for å ta vare på restråstoffet blei Molnes også utstyr med tankar for levandelagring av fisk under ombyggingan i 2016. Metoden baserer seg mellom anna på korleis det blir gjort i oppdrettsbransjen og reiarlaget seier dei ser ei klar betring i kvaliteten.
Båten trålar meir forsiktig enn tidlegare, fisken blir oppbevart i tankar fram til slakting, og fryst ned straks etterpå.

Publisert: 07.12.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16