Bedrifter faar permittere tilsette i eitt aar
LENGRE PERMISJONAR: Statsminister Erna Solberg og regjeringa møter kravet om lengre permisjonsperiode. 
Nytt

Bedrifter får permittere tilsette i eitt år

Regjeringa varslar endringar etter breitt krav.

Marius Rosbach
13.08.2020
Statsminister Erna Solberg fortel i eit intervju med torsdag at regjeringa vil gå inn for å utvide permisjonsordninga til 52 veker.
Det vil bli godt motteke mellom anna av tillitsvalt Magne Melsæter ved Scandic Parken-hotellet i Ålesund. Seinast tysdag ei slik utviding ovanfor NETT NO.
Ifølge VG blir endringa innført frå 1. november og vil vare til 30. juni neste år.
– Vi ser at ei slik endring er nødvendig i den økonomiske situasjonen vi framleis ser føre oss framover, i alle fall i eit halvt år, og kanskje vidare, seier Solberg til avisa.

Fleirtal på Stortinget

Regjeringa hadde i praksis ikkje noko val, etter at Frp tidlegare i veka varsla at dei ville følgje opposisjonen på Stortinget i spørsmålet – om LO og NHO framleis meinte det var nødvendig.
Under eit møte med fleire statsrådar onsdag, kom det fram at både arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane i høgste grad ønsker seg ei slik utviding.
Det betyr at det uansett er eit fleirtal for endringa på Stortinget.

Ingen kuttplanar på Nordvestlandet

Både LO og NHO har påpeika at det å gå til oppseiingar kan dreie seg om lange prosessar. Dagens utvida permisjonsperiode, som er innført i samband med koronakrisa, går i oktober. Likevel er det mange bedrifter som allereie no sit og vurderer oppseiingar.
NHO Reiseliv har vore sterkt uroa for at det kjem masseoppseiingar i reiselivet. Førebels ser ikkje dette ut til å vere noko som råkar hotellbransjen på Nordvestlandet i større grad.
NETT NO fekk tidlegare i veka opplyst at det ikkje per i dag vert vurdert å seie opp folk ved ålesundshotella Scandic Parken og Hotel Brosundet, Hotel Alexandra i Stryn eller Storfjord Hotel på Glomset.

Les også:


Vi ser at ei slik endring er nødvendig i den økonomiske situasjonen vi framleis ser føre oss framover, i alle fall i eit halvt år, og kanskje vidare

Publisert: 13.08.2020 13:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01