Bedrifter etterlyser nye koronatiltak
STUP: Forventingane til framtida (raud kurve) og det økonomiske resultatet (blå kurve) stupte med koronaepidemien. Ragnhild Fresvik, (innfelt) konserndirektør for bedriftsmarked i Sparebanken Vest, har aldri lagt fram ein rapport med eit kraftigare stemningskifte.
Nytt

Bedrifter etterlyser nye koronatiltak

19 prosent av bedriftene innan shipping, transport og lagring, vil ikkje klare seg utan nye støttetiltak frå staten.

27.05.2020
Den dystre spådommen kjem fram i Vestlandsindeksen, Sparebanken Vest sin kvartalsvise temperaturmålar på tilstanden for næringslivet i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.
Shipping-, transport- og lagerselskap er dei som treng mest til nye støttetiltak for å klare seg, i følgje svara på banken sin spørjeundersøking. 19 prosent vil ikkje klare seg, 17 prosent vil kanskje overleve, men ikkje på same nivå som før krisa meiner bedriftene.

Overnattings- og serveringsbedriftene er den nest mest trengande gruppa, i følgje Vestlandsindeksen. 9 prosent svarar at det vil vere avgjerende med nye støttetiltak. 34 prosent at kanskje vil overleve, men i ein krympa variant enn før krisa, utan nye tiltak.
– Styresmaktene sine krisepakkar åleine kan ikkje dekke alle behov levedyktige bedrifter har for å kome seg gjennom krisa. Dei pakkane som har kome til no har kome i stand raskt og vore breie. Dirfor er behovet for bransjespesifikke pakkar for de mest eksponerte næringane stort no, og eit viktig neste steg. Vi venter i spenning på regjeringens grøne omstillingspakke som kanskje kjem på fredag, seier konserndirektør for bedriftsmarked i Sparebanken Vest, Ragnhild Fresvik, i ei pressemelding.

Kraftig fall

Sparebanken måler også bedriftene sine forventingar til framtid, og den såkalla forventningsindeksen hadde i første kvartal sitt største fall sidan Vestlandsindeksen blei publisert første gang.
Forventningsindeksen er også på sitt lågaste nivå, etter eit fall frå 64,8 til 52,2.
Størst er forventningfallet blant overnatting- og serveringsbedrifter.

Mindre pengar

51 prosent av bedriftene har fått redusert driftsinntekter under koronakrisa. For 17 prosent er inntektene meir enn halvert.
Om eitt år venter 19 prosent at driftsinntektene framleis er redusert på grunn av koronalkrisa. 12 prosent av bedriftene ventar at dei har lågare bemanning enn planlagt om eitt år, på grunn av verknaden av koronaepidemien.

Publisert: 27.05.2020 12:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57