Barn skal bli meir glade i fiskemat
FISK: Regjeringa vil bruke fleire millionar kroner på ulike tiltak som rettar seg mot barn og unge, med mål om å gi dei meir kunnskap og gode opplevingar med fisk og sjømat. 
Nytt

Barn skal bli meir glade i fiskemat

Regjeringa løyver 12,5 millionar kroner til prosjekt som skal gi barn gode opplevingar med fisk og sjømat.

13.02.2018
NPK: – Nordmenn et mindre fisk, og dei unge et aller minst. Eg høyrer mange seie at barn ikkje likar fisk, men det er berre tull. Barn likar mat som smakar godt.
- Vi har fantastiske råvarer rett utanfor stovedøra, og det er mange flinke folk over heile landet som vil gi barn og unge meir kunnskap om sjømat og matlaging, og det er utruleg viktig for meg å støtte dei, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp).

Et mindre sjømat

Sjømatkonsumet har gått ned, og er særleg lågt i dei yngste aldersgruppene, går det fram av ein rapport frå Helsedirektoratet.
– Barn får i seg omtrent halvparten av dagens energiinntak i barnehagen. Maten dei et der er med på å legge grunnlaget for vanar vi skal ta med oss vidare i livet. Barnehage og skule er viktige arenaer for å etablere gode kosthaldsvanar og derfor vil vi støtte tiltak som rettar seg mot akkurat desse arenaene, seier helseminister Bent Høie (H).
Regjeringa vil bruke til saman 12,5 millionar kroner på ulike tiltak som rettar seg barn og unge, med målsetjinga om å gi dei meir kunnskap og gode opplevingar med fisk og sjømat.

Fiskesprell

Regjeringa vil bruke 5 millionar kroner på kosthaldsprogrammet Fiskesprell. Det er eit samarbeid mellom Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Noregs sjømatråd og Fiskesalslaga. Det er også forventa at næringa bidrar med eit tilsvarande beløp, slik som i 2017. Pengane går til kurs, fagmateriell, inspirasjonshefte og økonomisk støtte til innkjøp av sjømat.
I tillegg gir Nærings- og fiskeridepartementet 7,6 millionar kroner til sjømattiltak i 2018. Pengane skal gå til tiltak som bidrar til å auke sjømatkonsumet hos befolkninga, og tiltak retta mot barn og unge vil bli prioritert. Både institusjonar, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar i Noreg kan søke om pengar til slike tiltak.
Eg høyrer mange seie at barn ikkje likar fisk, men det er berre tull

Publisert: 13.02.2018 14:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18