Bank vil bli helsesenter
TIL LEIGE: Administrerande direktør Solveig Midtbø i Sparebank 1 Søre Sunnmøre vil flytte bankkontoret i Ørsta og leige bankbygget ut til helsesenter i kommunen.
Nytt

Bank vil bli helsesenter

Sparebank 1 Søre Sunnmøre konkurrerer om å kapre det nye helsesenteret i Ørsta.

20.01.2015
Banken skal flytte ut av dagens kontor i Vikegata 11 i Ørsta. No er det klart kva banken vil bruke det gamle bankbygget til.
Knut Åmås, seksjonsleiar for helse og velferd i Ørsta kommune, stadfestar at banken er ein av fire som har bode kommunen å leige bygg til helsesenter.
Nett no er det to tilbydarar det står om. Åmås vil ikkje seie kven, men vonar kommunen kan ha ei avklaring innan midten av februar.

Lang prosess

Arbeidet med å få nytt helsesenter i Ørsta har gått over lang tid.
Ei gruppe av lækjarar og investorar konkurrerte i fjor om å få kjøpe det tidlegare Mørebil-bygget i Ørsta og etablere mellom anna helsesenter der, men nådde ikkje opp i konkurransen med investorane H.I. Giørtz Sønner as i Ålesund og Ørsta-kjøpmann Arne Johan Rebbestad.

Etter at lækjarane ikkje fekk tilslaget på Mørebil-tomta har kommunen arbeidd vidare med andre alternativ.

Stor på eigedom

Sparebank 1 Søre Sunnmøre er ein av dei største eigedomsinvestorane i Ørsta kommune. Banken har fått ei rekkje eigdomar i fanget etter at dei opphavlege eigarane fekk vanskar med å handtere gjelda.
Banken er mellom anna eigar av fabrikkbygget til den tidlegare komfyrprodusenten Grepa, eig både drift- og eigedomselskapet til Hotel Ivar Aasen og deler av forretningslokala til Ørsta Torg. Meininga er at banken skal opne nytt kontor i Ørsta Torg-bygget, eit kontor som skal erstatte kontora i bygget banken no vil leige ut til helsesenter.
I staden for å dumpe eigedomane i marknaden har banken vald å ha is i magen, og ta tida til hjelp.

Reduserte tap

Etter fleire år med historisk høge tap, snudde tapsutviklinga i 2013. Det var utlån til eigedomsprosjekt som dreiv tapa i veret, og det er betre kontroll med eigedomsutlåna som er hovudårsaka til at tapa gjekk ned ifjor, sa økonomi- og finanssjef Per Olav Opsal i Sparebank 1 Søre Sunnmøre då reknskapen for 2013 vart lagt fram.
Dei bokførte tapa vart redusert frå 32 millionar kroner i 2012 til 22 millionar kroner i 2013.
Den positive tapsutviklinga held fram i 2014. I første halvår 2013 var tapa 21,1 millionar kroner, i første halvår i 2014 var dei redusert til 9,6 millionar kroner.
NETT NO har ikkje lukkast å få ein kommentar frå administrerande direktør Solveig Midtbø i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Publisert: 20.01.2015 16:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40