Bakpaa fraa start
STRI TØRN: Etableringa av småkraftverk på Tryggestad ved Hellesylt blei ei tyngre satsing enn Jan Ove Tryggestad (biletet) og dei andre aksjonærane i Tryggestad Kraft hadde venta seg. Salet i førre veke sikra dei truleg milliongevinst trass i at selskapet har slite med lønsemda frå start. 
Nytt

Bakpå frå start

Tryggestad Kraft kom bakpå frå start, mellom anna på grunn av eit tyngande valutalån.

24.05.2020
Straumprisutviklinga har ikkje gått straumprodusentane sin veg sidan i fjor sommar (sjå tabell), men problema til Tryggestad Kraft starta allereie før selskapet kom i gang med produksjonen i 2011.
15. mai i år selde grunnleggarane selskapet til det finske selskapet Suomen Voima. Drifta skal selskapet Bekk og Strøm as stå for, eit selskap med austerrikske Enso Hydro som majoritetseigar. Enso Hydro driv fleire kraftverk i Noreg, Albania og Tyrkia.
Seljarane kom truleg ut med milliongevinst, men den lokale eigarskapen er ein saga blott.
Les også:

Lånte i Euro

Tryggestad Kraft blei registrert som nyskipa selskap i Brønnøysundregisteret 9. april 2008.
Grunnleggarane var grunneigarar og nesten dei same som då selskapet blei seld; Jan Ove Tryggestad (20,5 prosent), Hans Hole (19,5 prosent), Tor Arne Tryggestad (12,6 prosent), Per Amund Hauso (10,5 prosent), Olav Hauso (10,5 prosent), Per Kjell Leite (9,8 prosent), Gunvor Larsen Frøysa (7,5 prosent), Janne Karin T. Granerud (4,7 prosent) og Halvard Tryggestad (4,7 prosent). (NETT NO har ikkje lukkast å få ein kommentar frå styreleiar Tryggestad)
Norconsult var hyra som rådgivar og Sparebanken Vest som långivar, i følgje årsrapporten for 2008. I årsrapporten for 2009 fortel selskapet at "Det er inngått ei rentesikringsavtale på 3,5 millionar Euro i ti år".
I ettertid har det valutalånet vore ei tung bør å bere, og frå 2021 vil den børa bli enda tyngre.
Det skal vi kome tilbake til.

Startvanskar

Bygginga av kraftverket baud på problem grunnleggarane ikkje hadde sett for seg.
"Året 2011 er det første med drift i selskapet. Den første generatoren kom i drift i april, nummer to i mai og nummer tre i august. Alle aggregat måtte køyrast med redusert effekt den første tida, før det vart ettermontert svinghjul. Det har også vore driftstekniske vanskar med utstyret som har medført tap for selskapet", står det i årsmeldinga for 2011.
I tillegg var ikkje nettkapasiteten god nok. Inntekter har gått tapt fordi det rett og slett ikkje har vore råd å få all krafta ut til kundane når kraftverka har gått for fullt.
Overføringskapasiteten har plaga småkraftverka i Hellesylt heilt sidan starten. Jakta på å kunne utnytte all krafta er ein av grunnane til planen om å bruke krafta til produksjon av hydrogen - for å forsyne ferja og andre farty på Geirangerfjorden med utsleppsfritt drivstoff.
Hydrogenproduksjon vil gjere at all krafta frå kraftverka kan brukast, uavhengig av nettkapasiteten.

Valutatap

Hydrogenproduksjon er førebels berre ein plan, og ikkje den ekstra inntektskjelda Tryggestad Kraft hadde bruk for.
I 2013-årsrapporten fortel selskapet om turbinhavari, lite vatn og dårlege prisar. Her dukkar det også opp eit agiotap på 3,6 millionar kroner som gjorde at selskapet fekk eit underskot før skatt på 1,6 millionar kroner. Det er valutakursane som svingar feil veg. Eurolånet har blitt dyrare.
Valutakursen har ikkje svinga feil veg for Tryggestad Kraft alltid, men minusåra er fleire enn plussåra, og medverkar til at selskapet - trass eit godt 2018 - samla sett har under ein million kroner i overskot før skatt til og med 2018, som er siste tilgjenglege reknskap frå selskapet.

Avdragsfritt til 2021

Lånet i Euro er avdragsfritt ut 2020. Først neste år skal selskapet betale avdrag. Ut frå inntektene frå start og fram til utløpet av 2020 kan det sjå ut til å vere ei utfordring.
"Nedbetaling av lån i NOK (norske kroner, red. merk) går etter planen medan lånet i euro er knytt til rentebytteavtale og nedbetaling tek ikkje til før i 2021. Uvissa knytt til valutautviklinga vil såleis halde fram, men slik vi ser det er denne risikoen innanfor det akseptable. Kursutviklinga har siste tida gått i negativ lei, og vi vil måtte pårekne eit vesentleg agiotap neste år om dette skulle halde fram", skriv selskapet i årsrapporten for 2016.
2017-rapporten viser korleis det gjekk i 2017: Posten annen finanskostnad i reknskapen er på 2,7 millionar kroner. Det utgjer storparten av underskotet før skatt på 3,3 millionar kroner det året.
Heller ikkje i 2018 fekk selskapet drahjelp frå valutamarknaden, sjølv om svingingane var langt mindre negativ enn i 2017. Posten "annen finanskostnad" var på 0,3 millionar kroner.
2018 er den siste tilgjengelege reknskapen. I 2019 var valutakursen omlag den same ved inngangen og utgangen av året, men så langt i år har kursen forverra seg omlag 10 prosent i negativ lei, sett frå kraftselskapet si side.
Ved utgangen av 2018 hadde Tryggestad Kraft 66 millionar kroner i gjeld. 62,7 millionar kroner var sikra med pant, fordelt på lån på 27,5 millionar norske kroner, eit eurolån som då tilsvara 34,8 millionar kroner og kortsiktig kreditt på 0,4 millionar.

Verdiar fordampa

Frå 2016 fekk småkraftverk som mellom andre Tryggestad Kraft tildelt såkalla grøne sertifikat eller elkraftsertifikat. Det er eit verdipapir kraftselskapa opparbeidar seg rett til basert på kraftproduksjonen, for å subsidiere utbygging av ny energiproduksjon basert på fornybare ressursar, som vind og vassfall.
Til sist er det forbrukarane som betalar for subsidieringa, gjennom eit påslag på nettleiga. Kraft- og nettselskap som sel til privatpersonar og næringsliv må ha slike sertifikat, og den billegaste måten å få tak i nok sertifikat, i tillegg til det dei sjølve kan skaffe gjennom eigen produksjon, er å kjøpe frå kraftprodusentar som berre sel krafta si til andre aktørar i kraftmarknaden, slik småkraftverka stort sett gjer.
Elkraftsertifikata blei dermed verdifulle for kraftselskap, og kunne gi millioninntekter for bransjen, meinte bransjeorganisasjonen Småkraftforeningen i 2014.

Utfordringa er at marknaden for elsertifikat er alt anna enn stabil, som du kan sjå av grafen over prisutviklinga for elkraftsertifikat. Kor mykje småkraftverka greier å få ut av ordninga handlar om dei klarer å selje på topp, eller ventar og blir med ned.
Ved utgangen av 2018 hadde Tryggestad Kraft bokført verdien av el-sertifikata sine til 4,5 millionar kroner, ifølgje årsrapporten frå 2018.
Etter eit godt år i 2018 var den bokførte eigenkapitalen i selskapet attende i pluss, med 374.044 kroner, mellom anna på grunn av verdien på elsertifikata.
Då rapporten vart underteikna, 16. mai 2019, var over halvparten av verdien fordampa.
"Nedgang i markedspris hittil i 2019, og basert på markedsprisen ved avleggelse av årsregnskapet for 2018, medfører dette et urealisert tap i størrelsesorden ca. kroner 2.400.000", står det i notane i årsrapporten for 2018.
Sidan starten av 2019 og fram til i dag har verdien av elsertifikat stupt til under ein tiandepart av det dei var verdt for knappe eitt og eit halvt år sidan (sjå graf).
Det er enda eit punkt på ei problemliste som allereie var lang nok frå før for småkraftgründerane på Hellesylt.

Publisert: 24.05.2020 06:00

Sist oppdatert: 02.02.2022 11:43

Mer om