Bakken takkar for seg
SLUTTAR: Karl Johan Bakken (59) har vore toppsjef i Farstad Shipping i 11 år. Han blir ikkje ei del av toppleiinga i fusjonerte SolstadFarstad.
Nytt

Bakken takkar for seg

Ved årsskiftet er Karl Johan Bakken ute av Farstad.

22.06.2017
Toppsjefen i Farstad Shipping blir ikkje med vidare når det nye reiarlaget SolstadFarstad er oppe og går.
Etter 11 år i sjefstolen er det naturleg at dei som skal drive selskapet vidare tek over, seier Bakken.
Han vil ikkje kommentere kvifor han ikkje held fram som ein del av toppleiinga i SolstadFarstad eller kva han skal gjere når han er ferdig i selskapet ved årskiftet.

Ingen frå Farstad

I første omgang skal han sikre ein glidande overgang for Farstad-organisasjone inn i det nye samanslåtte selskapet.
Heller ikkje finansdirektør Olav Haugland i Farstad Shipping er med i den nye konsernleiinga, som er samansett av fem personar for Solstad Offshore og to fra Deep Sea Supply.

Bakken har krav på to års lønn når han sluttar.

Deadline i september

- Den nye konsernleinga er utpeikt og skal begynne å virke. Noko av det første og viktigaste å ta fatt i er å utforme den nye strukturen, seier Bakken.
Dagens melding frå SolstadFarstad omfattar berre kvem som skal sitte i konsernleiinga etter samanslåinga av Farstad Shipping, Deep Sea Supply og Solstad Offshore. Avklaringa om kva dei fire kontora i Noreg, i Grimstad, Skudneshavn, Ålesund og Fosnavåg skal drive med kjem først i desember.
Selskapet har 350 landtilsette, dei fleste på kontora i Noreg. Målet er å redusere staben med 80-90 personar i samband med samanslåinga, i følgje konsernsjef Lars Peder Solstad.

Publisert: 22.06.2017 16:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11