Bakke gaar av som Havyard sjef
SLUTT: Geir Johan Bakke under dåpen av Fjord1-ferjene Skopphorn og Rovdehorn 19. november. Det vart siste offisielle oppdraget for Bakke som konsensjef for Havyard Group.
Nytt

Bakke går av som Havyard-sjef

Gunnar Larsen overtar inntil vidare.

10.02.2020
Geir Johan Bakke går av som toppsjef i Havyard Group, opplyser selskapet i måndag.
Bakke går av med umiddelbar virkning, men vil vere tilgjengeleg for selskapet ei tid framover dersom det skulle vere behov for det.
Bakke har vore tilsett i Havyard sidan 2001, og vore toppsjef sidan 2004. Han har vore heilt sentral i utviklinga av konsernet.
Styret har konstituert Gunnar Larsen som administrerande direktør, og selskapet opplyser i børsmeldinga at ein straks vil iverksette arbeidet med å rekruttere ein permanent konsernsjef.
Larsen kjem frå stillinga som dagleg leiar i Havyard Production, har tittelen Senior Vice President Market & Business Development, og har vore tilsett i konsernet i tolv år.

Store tap i Leirvik

Skiftet av toppsjef kjem etter at Havyard Group opplever store økonomiske problem, i hovudsak knytt til prosjekt ved verftet i Leirvik.
Konsernet taper pengar på ein brønnbåt til Sølvtrans og ein pelagisk trålar til French Pelagiq, men taper også pengar på bygginga av fire ferjer til Fjord1.
Selskapet har i år stupt på børsen. Bakke er sjølv sjette største aksjonær i Havyard Group, med 4,85 prosent av aksjane.

Selskapet er i brot med lånevilkåra, og styret arbeider med å finne ei finansiell løysing som kan føre selskapet vidare.
På grunn av dei store økonomiske utfordringane, la heller ikkje Havyard Group fram tala for tredje kvartal, slik planen var.

- Dynamisk og engasjert

I ei pressemelding frå Havyard vert det vist til at frå å vere eit frittståande verft, har Havyard under leiing av Geir Johan Bakke utvikla seg til å verte eit integrert skipsbyggingskonsern med design, verft og utstyrsproduksjon, nesten 600 fast tilsette og ei ordrebok på over 4300 millionar kroner.
Styreleiar i Havyard Group, Vegard Sævik, seier Geir Johan Bakke har vore ein dynamisk og engasjert konsernsjef som han har samarbeidd godt med, både i sin tid som styremedlem og i seinare tid som styreleiar.
- Geir Johan har vore utruleg viktig for utviklinga Havyard Group har vore gjennom. Han har vist eit imponerande engasjement for å utvikle Havyard Group, noko som har stor betydning for dei lokalsamfunna som Havyard opererer i, seier Sævik i pressemeldinga.
Geir Johan Bakke har vore tilsett i Havyard i over 18 år, derav dei siste 15 åra som leiar.
- Det har vore ei fantastisk reise som eg både er takknemleg og stolt over å ha fått vere ein del av. Eg ønskjer selskapet lukke til vidare, seier Bakke.

Verftsdirektør gjekk av

18. november gjekk også verftsdirektør Lasse Stokkeland ved verftet i Leirvik av med umiddelbar verknad etter å ha leia verftet sidan 2015.
Inn som ny verftsdirektør kom Erlend Hatleberg.

Det har vore ei fantastisk reise som eg både er takknemleg og stolt over å ha fått vere ein del av

Publisert: 10.02.2020 13:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46