Bakkafrost kontrakt for MMC First Process
STORKONTRAKT: Petter Leon Fauske og Leif Gjelseth har dratt i land ein av dei største kontraktane MMC First Process nokon gang har inngått.
Nytt

Bakkafrost-kontrakt for MMC First Process

Skal levere fiskehandteringsanlegg til ny brønnbåt.

30.06.2020
Avtalen med det færøyiske oppdrettselskapet Bakkafrost er ein av dei største kontraktane MMC First Process har inngått, skriv selskapet i ei pressemelding. Beløpet på kontrakten er ikkje oppgitt.
MMC First Process skal levere anlegget som handterer fisken ombord i brønnbåten.
Brønnbåten blir bygd først og fremst for å behandle fisk mot lakslus, ved å bade den i ferskvatn. Samtidig med badebehandlinga skal fisken også sorterast etter storleik, slik at fisken kan settast ut i sjøen igjen fordelt på dei ulike merdane etter storleiken på fisken.
Heile fiskehandteringsanlegget kan styrast av ein person.
MMC First Process leverte også fiskehandteringsanlegget til det førre nybygget til Bakkafrost, brønnbåten «Hans á Bakka». Både den og den nye båten har lukka anlegg der alt vatn som blir slept ut blir rensa først.
Båten blir bygd på Sefine Shipyard i Tyrkia.

Publisert: 30.06.2020 08:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59