Baatbyggjar flyttar inn paa Fiskaaholmen
NY AKTØR I HALLEN: Båtbyggjar-selskapet Barents Solutions søkjer etter folk og skal starte produksjon i verkstadhallen på Fiskåholmen i månadskiftet februar/mars. 
Nytt

Båtbyggjar flyttar inn på Fiskåholmen

Båtar, ikkje bølgekraftverk, blir det første som blir bygd i industrihallen på Fiskåholmen i Vanylven. Kommunen vil heller utvide med ny hall om bølgjekraftverk-produksjonen kjem i gang.

22.01.2018
- Vi kan ikkje vente. For oss er det om å gjere å kome i gang, seier ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven kommune.
Kommunen eig industriområdet og verkstadhallen på Fiskåholmen, der Ulstein Verft tidlegare bygde skipsseksjonar og har i lang tid arbeidd for å få nye arbeidsplassar på området.
Hadde alt gått som planlagt for bølgjekraftselskapet Waves4Power ville produksjonen av bøyene til bølgjekraftverka vore i full gang alt i fjor haust.

No er signala frå Waves4Power til kommunen at det tidlegast kan bli produksjon frå hausten 2018.

Rekrutterer folk

Uvissa rundt Waves4Power gjer at Vanylven kommune vel å leige ut industrihallen til selskapet Barents Solutions som skal byggje båtar i aluminium og stål, og vere underleverandør til andre lokale bedrifter.
Selskapet er i gang med å rekruttere folk, i første omgang fem til åtte personar. Dei skal vere i sving frå månadsskiftet februar/mars. Barents Solutions har ein kontrakt på ein fiskebåt i aluminium, som skal leverast i løpet av 2018.
Dagleg leiar og største aksjonær i Barents Solutions er Harald Bigset. Han seier søsterselskapet til Barents Solutions, Point Offshore, har utvikla fleire design av fiske- og arbeidsbåtar som har vore marknadsført sidan i fjor sommar. Bigset seier han er positiv overraska over responsen. Selskapet vil ha kapasitet til å byggje fem til sju båtar i storleiken åtte til 24 meter i året.

Brukar alt

I utgangspunktet vil Barents Solutions disponerer heile produksjonshallen på Fiskåholmen, men kan klare seg med ein mindre del av lokalet.
Ordførar Lena Landsverk Sande seier det er fleire aktørar som har vist interesser for å etablere seg på området. Ho kan ikke kommentere kven kommunen snakkar med, men seier at det er pågåande kontakt mellom kommunen og aktørar som vurderer etablering der.
At industerihallen no er leigd ut til andre og kommunen er i samtalar om å leige ut til fleire betyr ikkje kroken på døra for Waves4Power.
- Når Waves4Power er klar og skal sette i gang så set vi heller opp ein ny hall, seier Landsverk Sande.

Nye marknadar

Hovudaktiviteten for Point Offshore/Barents Solutions var ingeniørkonsulentenester retta mot offshoremarknaden.
Då den tørka inn snudde selskapa seg mot nye marknadar, men måtte likevel redusere bemanninga. Hos dotterselskapet til Point Offshore i Kroatia er ingeniørstaben omlag halvert, til 4-5 personar, og i Noreg er Bigset einaste tilsett.

Industriområdet på Fiskåholmen har god plass til nye bygg og det er og planar om ei omfattande utviding av området ved utfylling i sjøen.

Vi kan ikkje vente. For oss er det om å gjere å kome i gang

Publisert: 22.01.2018 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17